Lofottur dag 8: Stornappstinden og Gravfjellet ved Ballstad (21.05.2019)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Stornappstinden (740m) | 21.05.2019 12:24 |
---|---|---|
Middagstinden (614m) | 21.05.2019 14:21 | |
Gravfjellet (138m) | 21.05.2019 18:02 | |
Besuche anderer PBE | Stornappstinden P-plass (60m) | 21.05.2019 11:08 |
Nedre Skotnes parkeringsplass (5m) | 21.05.2019 17:50 |
Stornappstinden og Middagstinden
Enda ein strålande morgon i Lofoten, med fantastisk vêr. Etter frukost pakka vi ned teltet og drog til parkeringa ved Stornappstinden.
Vi gjekk i vegen likt med eit par jenter frå sørvestlandet, det var mange som gjekk på Stornappstinden denne dagen. Ikkje så rart det, råket var veldig bra, stigninga var effektiv og utsikta frå toppen heil enorm.
På veg ned fann vi ei anna rute, og fekk snørenne nesten heilt frå vi gjekk av råket og til Skarvatnet. Derifrå gjekk vi opp på den mykje mindre populære toppen Middagstinden, der møtte vi ingen, men det var ein flott topp det og.
Dette var ein strålande dag og vera ute på, sola varma godt, og vi satt på toppane i nærmare to timar til saman.
Gravfjellet
Etter turen hadde vi ordna oss med overnatting på ei rorbu i Ballstad. Vi satt tingane våre inn der før vi drog til Nedre Skotnes og parkerte ved fotballbana. Derifrå gjekk vi på godt råk opp til Gravfjellet. Det var ein fin liten tur, men det var litt vind.
Benutzerkommentare