Blåskavlen (19.04.2019)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Blåskavlen (1.809m) | 19.04.2019 12:19 |
---|
Parkerte ved Vardahaug P-plass, og gikk inn Modlaugsbotn. Opp Soleibakkane, og justerte kursen litt aust for Helleberget. Ringa så under toppane Fagerdalsnutane, så rasjonelt som råd. Noko nedatt i skar ca. 1580. Opp denne sida er ruta på det brattaste, og det var hard skare. Måtte setje stålkantane godt i, men greitt. Frå rundt 1700 pluss/minus over småkupperte nutar var det mykje "bølgjeblekk". Så litt ned i skaret ved overgang bre/botn, og fint opp mot toppen. Utsikta på Blåskavlen denne dagen var til å ta pusten i frå ein. Vi tok inn inntrykka og naut, men kunne ha teke fleire bilde for minneboka sin del. Det kom opp eit følgje frå Aurlandssida, som har ein noko kortare tur, og jamnare nedkøyring.
Vi valde å køyre heile brea nedatt, for den opplevinga sin del. Tenkte også litt på den harde brattsida opp (som nok hadde gått greitt ved å sleppe seg litt lenger ned før skrå). Å køyre denne lange heilt jamne bakken (knapt 500 høgdemeter) ned brea er fasinerande, og den er utruleg vakker. Så fekk vi ta med at feller måtte av og på nokre gonger, med rando-skia over Soleibakkvotni på returen. Med vårt utstyr hadde retur same veg ned som opp våre mest "effektivt". Men vi var på påsketur, og ville ha variasjon :) Ein aldeles nydeleg dag i fjellet. Og Blåskavlen da, som eg er godt kjend med, er like imponerande kvar gong. Særleg på ski.
Benutzerkommentare
Blåskavlen
Geschrieben von PeakFloyd 20.04.2019 08:30Hei, godt å se at du har fått i gang trackingen igjen. Greie snøforhold rundt Blåskavlen?
Sv: Blåskavlen
Geschrieben von Esone 20.04.2019 10:24Google eigde meg m.o.t. trackinga. Tre justeringar og 5 timar arbeid. Generelt flotte forhold i går. Hardt nokre få stader, og noko bølgjeblekk rundt 1700 m. Blåskavlen er magisk :) Kunne ha teke alle stortoppane i området i ein jafs i går. Slik du plar.