Anestølen og nesten Svartholten (21.02.2019)
Geschrieben von Hommpbollen (Tor)
Startpunkt | Forskjellig |
---|---|
Tourcharakter | Randonnée/Telemark |
Tourlänge | 4h 30min |
Entfernung | 14,0km |
Höhenmeter | 800m |
Kva søren er dette tenkjer du vel? Joda. Svært halvvegs dette. Vi var fire som satte av garde frå parkeringa på Selseng med Lammanipa som målet. Men då det rasa rundt oss på alle kantar (og då meiner eg ALLE), så bestemte vi oss for å snu ved foten av Barnekona. Snu? Snu ja, ikkje såg vi ein drit heller i den tjukke skodda. Kan hende sparte vi livet denne dagen. Det er tross alt betre å vere pingle enn dau, vil nokon meine. Overdramatisering? Kanskje. Men med hendingane frå sist helg friskt i minne, trur eg dette var riktig val.
Når vi kom tilbake til parkeringsplassen takka to for seg. Eg og Hallgeir tok turen vidare mot Svartholten og køyrde ned frå ca 900 m. OK snø, men noko vått og sleipt. Så var det rett heim og hente i barnehagen.
Benutzerkommentare