Kolnosi-Nosabøen-Årdalsnosi-Kamben-Naddvik (02.07.1995)
Geschrieben von JonnyA (Jonny Asperheim)
Besteigungen | Årdalsnosi (1.094m) | 02.07.1995 |
---|
KOLNOSTUNELLEN - NOSABØEN - ÅRDALSNOSI -KAMBEN - NADDVIK.
Turen starta med buss frå Øvre Årdal kl. 08.00 og frå Årdalstangen kl. 08.15. Kl. 08.35 la 7 spreke turlagsmedlemar i veg oppover den bratte stien som startar på Tangen-sida av Kolnostunellen.
Veret var lettskya og pent. Etter 20 minuttar var me i høgde med kraftlina og det vart ein liten stogg. Kl 10.00 var alle komne til Nosabøen, 475 m.o.h., der me skreiv oss inn i boka til støls- og topptrimmen.
Etter 20 min. pause med litt mat og drikka, var me atter på farten opp den bratte ryggen mot Øyestølen. Det var eingong ein støl her, og med litt fantasi, kunde me nok sjå at der eingong hadde vore ein mur bygd av menneskehender. Øyestølen ligg på ca 920 meter, og her er kvitlegga fin bjørkeskog. Me ser både Vikadalen, Seimsdalen og Årdalstangen herifrå. Klokka var då 11.15.
Terrenget flatar ut litt og me hadde sett oss som mål å nå Årdalsnosi til kl 12.00. Det klarde me akkurat.
Me kosa oss med mat og drikka og fekk byta på oss turre klede, sveitte som me var etter oppstigninga. Det er eit flott utsyn her oppe og det vart tekne mange bileter.
Etter vel ein halv times kvild, rusla me vidare innover mot Botnavatnet, passerte der kl. 13.15, vidare over ei snøfonn som låg att inne i Årøydalsbotnen , forbi Festingsgjel og ned Kamben og Halsen. I Seildi (søkket mellom Kamben og Holten) vart det ein liten kvilepause før me tok fat på siste bratte nedstigninga til Vikadalen. Her er det fint utsyn mot begge Årøydalsstølane.
Etter 9 timars tur, var alle vel nede på riksvegen.
Turleiarar var Karin og Jonny Asperheim
Benutzerkommentare