Løefjell og Berefjell (27.10.2018)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startpunkt Furestøyl (570m)
Endpunkt Furestøyl (570m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 15min
Karte
Besteigungen Berefjell (975m) 27.10.2018
Hauglandsfjellet (817m) 27.10.2018
Løefjell (934m) 27.10.2018

Reiste frå eit solfylt Rogaland og Sirdal og over til ein overskya Setesdal og snøfnugg i lufta. Litt av ein nedtur! Det var då meldt fint ver i heile sør-Norge denne helga. Skulle eg få noko ut av dagen kunne eg ikkje forandre turplan heller. Heldigvis gjorde eg ikkje det, for det byrja å klarne opp frå nord.
Gjekk frå hyttefeltet på Furestøyl på merka sti opp sørvestsida til Løefjell. Stien følger stort sett straum/ telefonlinja gjennom skogen opp til masta på toppen. Kom til topps akkurat då sola kom fram. Postkassen på toppen var tom for vardebok, men tydeligvis populær topp sidan det var fleire andre der oppe. Det er to jamnhøge topper ca 50 m frå kvarandre.
Etterpå gjekk eg nordover forbi Akseltjørn og opp sørvestryggen til Berefjell. Så ned austryggen og opp på Hauglandsfjellet. Deretter ned gjennom skogen og kom etter kvart inn på ein traktorveg ned mot Haugland på ca 470 moh. Fulgte så asfaltert veg gjennom Brokke opp igjen til Furestøyl. Dagen etter blei det tur til Rysstadåsen og Kisteknausen.

Turskilt på Furestøyl.
Turskilt på Furestøyl.
Blåmerka pinne t.h. gjennom hyttefeltet.
Blåmerka pinne t.h. gjennom hyttefeltet.
Her byrja stien gjennom skogen.
Her byrja stien gjennom skogen.
Litt isete på stien.
Litt isete på stien.
Masteanlegget på Løefjell.
Masteanlegget på Løefjell.
Jamnhøge toppunkt.
Jamnhøge toppunkt.
Mot Setesdalen bak t.v.
Mot Setesdalen bak t.v.
Rester etter trigmerke på søraustkanten. Rysstadåsen og vegen til Kvisletoppen bak t.h.
Rester etter trigmerke på søraustkanten. Rysstadåsen og vegen til Kvisletoppen bak t.h.
Nordover mot Berefjell.
Nordover mot Berefjell.
Lita tjørn på snaut 900 moh med 2 cm is.
Lita tjørn på snaut 900 moh med 2 cm is.
Trigpunkt på toppen av Berefjell.
Trigpunkt på toppen av Berefjell.
Tilbakeblikk sørover mot Løefjell.
Tilbakeblikk sørover mot Løefjell.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.