Ein våt tur til Tylderingen (11.10.2018)
Geschrieben von Hommpbollen (Tor)
Startpunkt | Hollekvebrui |
---|---|
Endpunkt | Hollekvebrui |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 2h 30min |
Entfernung | 10,0km |
Höhenmeter | 753m |
Karte |
![]() |
Besteigungen | Tylderingen (1.104m) | 11.10.2018 |
---|
For ein gong skuld ein klarversdag mellom regnbygene. Då tok eg like så godt halve dagen fri, henta hunden og sette avgarde mot Tylderingen.
Eg har det med å tenkje at dette er ein kort og lett tur, men tek feil kvar gong. Han er bratt og hard fram til setra Kleiv, og når du til slutt kjem opp på platået og føler at det er like før ein er framme, ja så er det ein fordømt lang avmarsj bort til toppvarden. Bles gjorde det og, og bakken var våt som ei vaskefille. Sjølvsagt. Det hadde tross alt regna i vekesvis. Men kven tenkjer vel på det, når sola varmar?
Dei nye salomon mudstone-skoa, som etter namnet å bedøme burde tole ein middels vårflaum, gjorde likevel ikkje det. Tvert imot. Møkka-skoa lakk i staden som ei dårleg sil i springflo. Men eg burde vel forstå at ein ikkje får 3 lags-goretex membran (eller noko anna fancy) for ein lusen tusing. Jaja. Som om ikkje det var nok, hadde eg heller ikkje vore nøye med å vakse inn Fjellreven-buksa mi. Eg, slauren!
Samla sett ei våt oppleving på ein elles solrik dag.
Benutzerkommentare