Burnestinden (08.09.2018)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Vikanfjellet (605m) | 08.09.2018 14:14 |
---|---|---|
Burnestinden (694m) | 08.09.2018 15:29 | |
Burnestinden sør (677m) | 08.09.2018 16:03 | |
Burnestinden sørvest (671m) | 08.09.2018 16:10 | |
Burnestinden vest (617m) | 08.09.2018 16:26 | |
Spikarheia (498m) | 08.09.2018 16:55 | |
Nattmålstinden nord (484m) | 08.09.2018 17:23 | |
Nattmålstinden (516m) | 08.09.2018 17:27 | |
Bufjellet (210m) | 08.09.2018 20:00 | |
Besuche anderer PBE | Straumsjøen p-plass (3m) | 08.09.2018 12:16 |
Dag to i Vesterålen. Strålande sol heile dagen. Plan for dagen var å gå på Burnestinden, kommunetopp i Bø. Vi køyrde til Straume i Bø, og parkera på Stråumsjøen p-plass. Frå parkeringa følgde vi bra råk oppover attmed bekken. Da vi kom opp i skardet mellom Nattmålstinden og Vikanfjellet skrådde vi oppover mot Vikanfjellet. Lett å gå i starten, men etter kvart vart det så bratt at vi ga opp, men på veg nedover gjorde vi eit nytt forsøk. Da kom vi opp utan problem. Greitt å gå ned frå Vikanfjellet. Like etter Spikarheia kom vi inn at på råket, det følgde vi til Burnestinden. På veg attende registrerte vi fleire småtoppar og var oppom Nattmålstinden. Ein fantastisk fin tur.
Etter turen kjøpte vi is i Straume og køyrde ein runde rundt om Gimstad, Bø og Ramberg, før vi drog utover mot Nykvåg. På veg til Nykvåg stoppa vi på Sandvikhalsen og gjekk den stutte turen opp på Bufjellet i flott kveldsljos. Etter turen køyrde vi ein liten tur til Nykvåg. På turen attende stoppa vi ved Sandvikbukta og gjekk ned til den flotte stranda, og for min del vart det eit raskt bad. Det vart ein veldig flott dag på tur i Vesterålen.
Benutzerkommentare