Hornelen (26.08.2018)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourlänge 9h 34min
Entfernung 14,5km
Höhenmeter 1.505m
GPS
Besteigungen Vestre Hornelen (889m) 26.08.2018 13:43
Hornelen (858m) 26.08.2018 15:17

Fellestur med Lærdal turlag. Den årlege medlemsturen var i år lagt til vest, med base i Kalvåg, og to toppturar. Siste dag var det Hornelen som skulle erobrast. Vi gikk den nordlege ruta frå Hundskår.

Vi var 12 i turfylgjet som fekk ein fin dagstur, i for det meste skya ver, med solgløtt og ei lita regnbyge. Det overraska underteikna noko at ruta hadde såpass bratte parti, at ein måtte vise vasemd, og ta hendene til hjelp. I bratta opp, dei fyrst 400 høgdemetrane, var det stort sett rennande bekk i stien. Så noko glatt, surklete og blautt etter fleire dagar med regnver. Over fjelletpartiet var ingridiensane som venta stein, heile vegen.

Oppå fjellet hadde skjerpaer snudd på plass store steinblokker, slik at det nærast var parkett eit par km på det flataste partiet. Vi var tre som tok turen opp på høgaste toppen, Svartevassegga Øst. Denne avstikkaren tok litt over ein time ekstra. Resten av fylgjet var ferdig med matpakka på Hornelen då vi kom fram. Det vart tid til fotografering med fellesbilete og norsk flagg, før returen. Fin turdag på 9 1/2 time der det sosiale, god tid, og alle skal med, var filosofien.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.