To toppar i Durmitor (02.08.2018)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Zupci (2.148m) | 02.08.2018 12:29 |
---|---|---|
Stozina (1.905m) | 02.08.2018 14:07 | |
Besuche anderer PBE | Sedlo parkering (1.900m) | 02.08.2018 11:34 |
Stozina parkeringslomme (1.725m) | 02.08.2018 13:48 |
I Zabljak åt vi ein grei frukost på hotellet, før vi satt oss i bilen for å køyre til Sedlo i Durmitor. Vêret på morgonen, og vêrmeldinga utover dagen førte til at vi slo frå oss Bobotov Kuk. Vi satt oss i staden som mål å komme på Zupci og Sedlena Greda. Vegen opp til parkeringa på Sedlo var morosam å køyre.
Frå parkeringa følgde vi godt råk i retning Sedlena Greda. Nedunder Zupci tok vi av frå råket for å gå på toppen. Zupci har ein liten egg med 4-6 småtoppar før sjølve toppen. Kartet vi følgde (peakbook-app) viste litt feil, den raude teiknestiften er på kartet i skråninga eit stykkje nord for toppen, men toppunktet er på teiknestiften. Vi gjekk oppom nokre av dei andre småtoppane på tur ned at. Nede at på råket gjekk vi i vegen vidare mot Sedlena Greda, men eit kraftig toreskrall og regnvêr som kom sigande frå nordvest fekk oss til å snu.
Nede at i bilen vart vi einige om å prøve oss på Stozina, som vi hadde sett på når vi køyrde oppover. Vi fann ein liten plass å parkere i vegkanten og gjekk til topps. Det var ein kort og fin tur. Temmeleg bratt opp frå salen mot nord, og eit lite klyveparti på eit par meter like før toppen. Etter turen gjekk vi litt rundt i Zabljak, som var ein verkeleg flott fjellby, med flott arkitektur og trehus.
Benutzerkommentare