Risebøra (03.07.2018)
Geschrieben von ilyslo
Startpunkt | Parkering Risevatnet (47m) |
---|---|
Endpunkt | Parkering Risevatnet (47m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 12h 05min |
Entfernung | 31,0km |
Höhenmeter | 1.872m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Handkleet nordøst (725m) | 03.07.2018 11:14 |
---|---|---|
Risebøra (1.233m) | 03.07.2018 18:48 | |
Besuche anderer PBE | Handkleet (920m) | 03.07.2018 11:14 |
At vi måtte returnere, var inga bombe i dette terrenget. Sidan vi var på rekognoseringstur, fann vi ut at vi kunne kike oss litt meir rundt for å utelukke alternative oppganger til neste hylle, og vi starta med ein som såg meget urealistisk ut på avstand. Men etter å ha gått opp nokre lekre, passe bratte sva, traversert mot sør, og skråna tilbake opp litt småutfordrande, men ikkje særleg utsett klyving, var vi plutseleg oppe på hylla til jubel og vantru.
Turen vidare var lang, men grei. Det var verkeleg verd tida det tok å stikke bortom Handkleet for å nyte utsikten der. Spesielt når ein ikkje har nattemørket som deadline.
Vi fann heldigvis rennande vatn i sørvestsida av Risebøra, og ekkoet frå den solide fjellveggen vart litt underhaldning i den no litt monotome ur-vandringa til vi heldigvis kom til nokre behagelige snøfelt.
Etter 7,5 time var vi på Risebøra i flott sommarvêr med fantastisk utsyn over Devon-landskapet med Keipen, Plogen og Saga med Maritinden, som blikkfang.
Nedturen tok fire timar, og det viste seg fordelaktig å nyte dagen, og la den lave kveldssola lage fine fotomotiv på vegen nedover.

På siste transportetappen langs vatnet høyrte vi på livlige Olav Traaen og straffekonken i VM-kampen England-Colombia - ei fin avslutning før vi kom tilbake til Florø i ett-tida.
Benutzerkommentare