Is & beinstrekkstopp (24.06.2018)

Geschrieben von Garm (Gal Krokfot) GSM

Karte
Besteigungen Storøyitinden (402m) 24.06.2018

Etter nitidige kartstudiar dukka denne ubeskrevne tinden opp. Sidan det tydelegvis ikkje var andre med hjarte for fjell og toppturar i område som kan ta ansvar for registrering og bestigning vart det opp til meg.
Tok meg fram til startpunktet og konstaterte til mi store forundring at dei lokale innavla hadde stor naturpark over heile område. Climbing Permit Fee på kroner 60 NOK måtte betalast før ekspedisjon kunne iverksettast, men dette dekkar da både redningssøk og gravferd når det vert nødvendig.

Fleire guidegruppar la ut samstundes med meg, men dei vart raskt parkert i bakkane. "Light & fast" var suksessoppskrifta om ein skulle ha noko håp om å nå toppen før uværet som låg i horisontet segla inn. Skal ikkje skrive altfor mykje om turen opp, men berre beskjedent tilføye at det var ein salig miks av Shackleton og Donner ekspedisjonane.
Kom til slutt opp på toppen, trudde eg, men det viste seg at også Storøyitinden hadde ein klassisk luretopp. I det fjerne kunne eg motlaus skimte den eigentlege toppen. Men eg har ikkje velta stort lass bak ei vogn så med freidig mot gauv eg laus og kjempa meg opp til den høgaste tinden.
Skal ikkje skryte altfor mykje av utsikta, skog kan være fint det også, drøya dog ikkje lenge for å bivåne den.
Returen gjekk raskt. Passerte tre lokale som låg å kosa seg ved tjernet mellom Stortoppen og vesttoppen. Dei var fyrst svært nyskjerrige, men da eg forsøkte å ta kontakt flykta dei til alle kantar. Eit stykke ned i sida etter vesttoppen møtte eg den fyrste guidegruppa. Gruppa framstod uorganisert, desillusjonerte og utan framdriftsevnar. Klientane virra rundt og var spredd utover eit stort område. Var vel heller tvilsamt om dei nådde toppen. Kom omsider ned til parkeringsplassen der eg fant ein restaurant. Den lokale delikatessa sandwich med ost og skinke og coca cola smakte svært godt etter ein lang dag på tur.
Så gjenstod berre eit par timars køyretur over fjellet og nedatt til sivilisasjonen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.