Stora Grånosi (28.03.2018)  6

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Startpunkt Vardahaug (937m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 2h 04min
Entfernung 8,5km
Höhenmeter 623m
GPS
Besteigungen Stora Grånosi (1.566m) 28.03.2018 16:14

Besøkte Stora Grånosi for andre gong. Toppen ligg lett tilgjengeleg som skitur frå Vardahaug, 12 km opp Erdalen, og ca. 15 min. biltur frå Lærdal. Utsikta er formidabel. Her får ein 360-panorama med høge vestlandsfjell, alpine toppar, fjordlandskap, mjuke snøvidder, djupe brebotnar. Ja, alt i ei pakke. Sjølv om nabotoppen Bleia av mange blir rekna for toppen med stor T i området, er dette min favoritt når det gjeld utsikt.

Tek du ferja Fodnes - Manheller, er det denne toppen du ser inst i Vindedalen mot sør. Denne toppen må du prøve. Med randoné-utstyr var det svært moro nedatt. Stakefri retur i laussnø med gode svingar :)

Mot Jernhetta, teke frå fyrste bratta opp frå Modlaugsbotn.
Mot Jernhetta, teke frå fyrste bratta opp frå Modlaugsbotn.
Blåskavlen.
Blåskavlen.
Toppen er lågaste punktet ca. midt i biletet. Litt att å gå enno.
Toppen er lågaste punktet ca. midt i biletet. Litt att å gå enno.
Mot toppen.
Mot toppen.
Fleire som hadde kosa seg nedatt frå toppen i dag.
Fleire som hadde kosa seg nedatt frå toppen i dag.
Stiganosi, Syrdalsbotn og Syrdalsbreen.
Stiganosi, Syrdalsbotn og Syrdalsbreen.
Toppvarden Stora Grånosi
Toppvarden Stora Grånosi
Vindedalen og mot Årdalsfjorden
Vindedalen og mot Årdalsfjorden
Bleia.
Bleia.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.