Raunekletten (21.01.2018)  4

Geschrieben von Hommpbollen (Tor)

Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 4h 34min
Entfernung 7,7km
Höhenmeter 768m
GPS
Besuche anderer PBE Bruhjellstølen (500m) 21.01.2018 09:26
Bruhjell utsiktspunkt (300m) 21.01.2018 09:26
Kisane (500m) 21.01.2018 13:00

På topptur med Imperialblade i Balestrand, mannen som har utstyr som ikkje står i stil med namnet. Men seig er han, Stian, seig som ein skosåle i solnedgongen.

Here he is - the real Imperialblade.

Oppover mot Bruhjellsrølen bar det i 30cm laussnø, og tungt som pokker det første stykket. Det var berre å bita tenna saman og tenkje på kor flott denne snøen er på veg ned att. Det tok oss godt og vel ein time opp til Bruhjell, men derfrå var det ganske så straka vegen i retning Raunekletten.

Eg hadde definitivt håpa på betre ver, slik vi vart lova av desse ruskefolka i YR. Og når vi stod der på toppen kom det jammen meg ei slesk skodde sigande i tillegg. Den kunne lett ha kødda til nedatturen, men dritet forsvant heldigvis ganske raskt.

Ned frå Raunekletten til Kisane var det derimot draumeforhold. Diggaste laussnøen ein kan tenkje seg frå start til topp, noko som gjer at ein føler seg som ein konge på ski. Då gjekk slitet rett i gløymeboka.

He marks the snow with his blade

Frå Kisane og ned til Skåsheimdalen vart det litt tråare. Her må ein forsere bratt terreng i spreidd skog. Stakkars Stian segla baklengs ned i eit kratt slik at den eine skien forsvann. Solidarisk som eg er sette eg heimover og lot stakkaren vere igjen med ulukka si. Survival of the fittest, som ein veit..

The dramatic moment

Alt i alt var dette likevel ein ganske flott tur. Godt selskap og god snø trakk opp. Veret, som derimot var under all forventning, trakk ned. Og så var det uflaksen på slutten som eg, i respekt for Imperalblade, og gjer trekk for. Da hamna vi på ein firar. Ein sterk firar vel og merke.

Takk for (topp)turen Imperialblade!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.