Kjølberget - topp nr 200 (24.09.2017)  2

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 0h 30min
Entfernung 1,2km
Höhenmeter 104m
GPS
Besteigungen Kjølberget (704m) 24.09.2017 16:17
Besuche anderer PBE Kjølberget parkeringslomme (600m) 24.09.2017 16:00
Kom køyrande langs Osensjøen, og fann greitt avkjørsel innover skogbilvegane til der Finnskogleden kryssar vegen nedafor Kjølberget.Blåmerkt stig heilt til topps, for ein del i våt myr. Grått, og eg var våt på beina, og dessutan var det rett før innspurten på fellesstarten på sykkel i Bergen, så eg brukte telefonen som radio og strena av garde. Kom greitt opp til toppen og fekk tatt eit bilete, og så gjekk radioen, pb-appen og kameraet i svart. Ikkje meir batteri sjølvsagt. For å rekkje innspurten småsprang eg nedatt til bilen så søla skvatt, og var vel våt til knærne omtrent. Rakk dei siste 5 minutta av sykkelrittet i Bergen, Kristoff nr 2 slått med 20 cm av Peter Sagan. Skifta på meg tørt, og starta heimturen til Oslo. 2,5 km, 30 minutt og 100 hm stigning. Eg gjekk aleine. Må vel rett og slett konkludere med at det var ein av dei dårlegare kommunetoppturane eg har vore på, og så skulle den bli nr 200. Ser av kommentaren til Knut Sverre at han nok er samd med meg i det, men eg kunne jo ikkje setje nr 200 på vent til våren! Spent på om eg greier å få rom til noko meir enn Herkelås på Tjøme resten av hausten. Det er så langt å reise no!

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Gratulerer med viktig milepæl

    Geschrieben von morsor 24.09.2017 22:49

    Skal hilse fra et par jeg traff på 1100 moh i stigningene mot Forollhogna. De var fra Stathelle og visste hvem du var da vi kom i snakk om kommunetopper.

    • -
      avatar

      Takk Morten!

      Geschrieben von bakken59 24.09.2017 22:57

      Flotte bilete frå Nord-Vestlandet - misunn! Lurar på kven desse frå Stathelle var. Har ikkje budd der på 37 år, men ikkje så store forhold da.

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Geschrieben von Sola19 24.09.2017 20:15

    med kommunetopp nr 200 fra meg også:)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer

      Geschrieben von bakken59 24.09.2017 22:10

      Takk! Set veldig pris på turrapportane dine, ikkje minst med rettleiing om køyring! Men i dag tulle eg fælt likevel.

  • -
    avatar

    Grattis med k-topp nr 200 ....

    Geschrieben von knutsverre 24.09.2017 17:52

    Kristin! Ble vel ikke kremtoppen du hadde drømt om, men godt jobbet uansett!

    • -
      avatar

      Sv: Grattis med k-topp nr 200

      Geschrieben von bakken59 24.09.2017 22:09

      Nei, faktisk det motsatte av kremtopp dette, men det var desse eller ingenting på denne sida av jul, så då var jo valet enkelt!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.