Grytingen (16.09.2017)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 46min
Entfernung 13,2km
Höhenmeter 1.253m
GPS
Besteigungen Grytingen (1.623m) 16.09.2017 13:26

Nydeleg tur i haustfjellet i dag. Parkerte ved Svartegjel, 150 m sør frå Borgund Stavkyrkje. Ca 300 meter å gå nedover, og ein kjem inn på skilta og merka stølsveg til Kyrkjevollstølen.

Lærdal snor seg nedover. Bleia og Nordnosi er toppane midt i bildet
Lærdal snor seg nedover. Bleia og Nordnosi er toppane midt i bildet

Frå stølen gikk eg litt mot Nesdalsida, og følgde ryggen opp. Besteig toppen frå vest. Nedatt mot nord. Det var ein stad det var greitt å komme ned. Litt bratt der. Så heldt eg skrått rett mot Kyrkjevollstølen på returen. Det var ein del sauetrakk, men noko kuppert. Flott utsikt frå toppen. Det var komme snø på Høgeloft. Det var særleg flott utsikt mot Fagerdalsvatnet i Horgedalen, og ned Lærdal, med Bleia og Jostedalsbreen som farga kvitt mot himmelen.

Bratta mot toppen (frå vest)
Bratta mot toppen (frå vest)
Suletind, Bleia den lange ryggen midt i, og Høgeloft med snø til høgre
Suletind, Bleia den lange ryggen midt i, og Høgeloft med snø til høgre
Bringe med Borgundsfjell og Jotunheimen bak
Bringe med Borgundsfjell og Jotunheimen bak
Giljaknippen (egga). Fjell rett over Kvenshagen.
Giljaknippen (egga). Fjell rett over Kvenshagen.

Kvamsdalen bak området nedfor Bringe. Raudbergnuten er høgaste fjell litt til venstre.
Kvamsdalen bak området nedfor Bringe. Raudbergnuten er høgaste fjell litt til venstre.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.