Hornsnipa (09.08.2017)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 40min
Entfernung 9,6km
Höhenmeter 385m
GPS
Besteigungen Hornsnipa (1.692m) 09.08.2017 19:17

Fin kveldstur til Hornsnipa i Aurland. Tur frå Nalfarhøgdi. Denne fjelltoppen er synleg frå mange stader. Kvass til dette område å vere, og fin frå mange vinklar når ein køyrer snøvegen mellom Lærdal og Aurland. Vi gikk ruta ryggen opp "Høgdene" i retning mot Blåskavlen. Kvammadalen og etter kvart Blåskavlbotnen på venstre side. Over haugen på 1627 moh. skrådde vi bortover snøbruer i retning litt til ve. for lågaste toppen. Nær fyrste toppen dreia vi og følgde ryggen opp til høgaste punktet. Sjå delvis GPS spor her.

Fin-fin utsikt frå toppen. Ikkje minst mot Bleiamassivet, men mykje i alle retningar. Mykje forskjellig og fasinerande stein i dette område. Både stein som har lege lenge under isen og anna. Her er rullesteinar, store blokker, skifer tynn som flatbrød, og i alle mogelege fargar frå kritkvit til beksvart. Verdt å ta turen for ein geolog eller alminneleg fjell- og steingal person :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.