Dronningruta: Botnkrona - Grytfoten, Alstadhaug, 1071 moh (25.07.2017)

Geschrieben von irelun (Irene Lunde) GSM

Karte
Besteigungen Botnkrona (1.071m) 25.07.2017
Grytfoten (1.019m) 25.07.2017
Besuche anderer PBE Svarga (403m) 25.07.2017
Syv Søstre p-plass nord (65m) 25.07.2017

Vi gjekk Dronningruta (Dei 7 søstre) på Alstadhaug. Turen var tydeleg merka, med tau til å klatre med oppover svaberga. Vi gjekk først opp på Botnkrona, toppen lengst mot nord. Litt klyving mot slutten, flott utsikt på heile turen. Frå toppen såg vi i alle retningar!
Vidare gjekk vi ned att til ca 850 moh og runda rundt Botnkrona og gjekk bort til neste topp. Der runda vi og rundt, og hadde litt klyving til toppen av Grytfoten.
Ned att vart det endå meir svaberg! Sidan veret var fint og det var heilt tørre, litt knudrete berg, var dette heilt uproblematisk. På vegen ned bada vi i eit par KALDE kulpar, for å kjøle oss litt ned :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.