Irland - Cliffs of Moher, Abbey Hill og Knocknarea (05.08.2017)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Besteigungen Abbey Hill  (240m) 05.08.2017 16:04
Knocknarea  (327m) 05.08.2017 20:41
Besuche anderer PBE Cliffs of Moher Visitor Centre (146m) 05.08.2017 11:50

Cliffs of Moher

Cliffs of Moher
Cliffs of Moher
Turen vår langs Cliffs of Moher
Turen vår langs Cliffs of Moher
O'Brien's Tower
O'Brien's Tower
Kristine og eg køyrde avgårde tidleg i frå Killarney, vi hadde ein lang biltur forran oss, da vi skulle heilt til Londonderry i Nord-Irland. Vi planla nokre pauser undervegs, den første på Cliffs of Moher. Cliffs of Moher var bra tilrettelagt for turistar, og det krydde av folk, spesielt i nærheiten av Visitor Centre. Litt lengre unna vart det færre folk. Vi gjekk sørover langs klippane, til borgruinen Hag's Head. På veg attende derifrå satt eg på Peakbook-appen. Tilbake til Visitor Centre gjekk vi oppom tårnet O'Brien's Tower. Cliffs of Moher hadde eit utruleg flott landskap, og vi var veldig heldige med vêret.
Cliffs of Moher og O'Brien's Tower
Cliffs of Moher og O'Brien's Tower
Cliffs of Moher og Hag's Head
Cliffs of Moher og Hag's Head

Abbey Hill og Knocknarea

Abbey Hill - 52 min - 2,7 km
Abbey Hill - 52 min - 2,7 km
Knocknarea - 37 min - 2,7 km
Knocknarea - 37 min - 2,7 km
På Abbey Hill
På Abbey Hill
På Knocknarea
På Knocknarea
Etter turen på Cliffs of Moher køyrde vi vidare i retning Londonderry. Undervegs stoppa vi og tok to fjelleturar. den første gjekk på Abbey Hill like før Galway. Vi parkerte like i vegkanten, saman med mange andre bilar. Vi følgde ein veg eit lite stykke, før vi tok av og gjekk på eit godt råk oppover mot toppen. Etter kvart vart det mykje sva, og det var lettgått til toppen. På toppen var det ein stor varde og eit steingjerde. Flott utsikt i alle retninger.
Etter fjellturen køyrde vi vidare. Først tok vi ein matpause i ein småby nord før Galway, før vi tok ein ny fottur i nærleiken av Sligo. Vi parkerte på ein tilrettelagt parkeringsplass og følgde godt råk til toppen. Flott utsikt også her. Bilturen vidare til Londonderry vart lang, og vi var ikkje framme før omlag halv 12.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.