Sykkylven: Hovdeåsen og Blakstadfjellet (25.07.2017)

Geschrieben von Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Karte
Besteigungen Blakstadfjellet (292m) 25.07.2017
Hovdeåsen (369m) 25.07.2017
Besuche anderer PBE Eidet p-plass (105m) 25.07.2017

Etter fergefadesen etter Skopphornet fikk eg få litt meir valuta for den kraftig forlenga køyreturen og parkerte på Eidet og sette kursen mot skiltet som markerte start mot Hovdeåsen. Stien er brei og tydeligvis mykje brukt, så dette var kjapt gjort til ein topp som ga godt utsyn mot mellom anna Solevågen og Molladalstindande som hadde jaga skyene.

Etterpå kjørte eg grusvegen innover frå Tu og parkerte på ei lomme ved sida av vegen. Som Lise nevnte i sin rapport satte eg kursen mot skaret og fann etterkvart rikelig med hjorteråser å følge på ein topp som neppe har særlig besøk frå lokale uten pels. Kjapt gjort her også, men sidan kollen er skogkledd var det ikkje mykje utsikt å snakke om.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.