Sykkylven: Skopphornet (25.07.2017)

Geschrieben von Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Karte
Besteigungen Skopphornet (1.226m) 25.07.2017
Besuche anderer PBE Megardsdalsvegen (65m) 25.07.2017

Det var ikkje heeeeilt min dag idag, men turen starta bra. Rakk ferge 16.15 frå Festøya etter å ha fått unna dagens gjeremål. Det ga eit litt knapt skjema med siste returferge 19.50, men med litt gass og ikkje for mykje foto- eller andre pauser skulle det gå greit. Observerte ei og anna sky rundt toppen, men det var av godværssorten.

Den nedkorta (?) bomvegen gjorde at ein får ein halvtime ekstra trim oppover før ein nærmar seg setra. Litt oppi sida møtte eg ei hyggeleg familie på tur og fekk både reklamert litt for peakbook-appen og snakka litt fjell. Sidan eg låg foran skjema skulle dette gå greit. Vidare oppover kjende eg nokre dropar... jaja, det kunne jo kome inntil 0,3mm frå 18-24 denne kvelden ifølge yr. Men nei, himmelen åpna seg og syndefloda sørga for at eg vart kliss blaut, men langt verre at returen blei jææææla sleip. Det stramma inn skjemaet mitt voldsomt og frå setra såg eg det var knapt med tid. Sprang det eg var god for til bilen og kjørte det vegen tillot, men mista likevel ferga med under minuttet eller 50m om du vil... Då var det berre å vurdere om ein skulle gå for to ferger via Magerholm osv, eller kjøre the scenic route via Stranda, Hellesylt og Hornindal. Jaja, medan eg tenkte på den saka kunne eg i det minste få med meg to haugar til med pf100 ;)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.