Vetla Supphellenipa, Fjærland (08.07.2017)  5

Geschrieben von Hommpbollen (Tor)

Startpunkt Parkeringsplassen (38m)
Endpunkt Parkeringsplassen (84m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 40min
Entfernung 6,5km
Höhenmeter 807m
GPS
Besteigungen Vetla Supphellenipa (845m) 08.07.2017 13:02

Etter gårsdagens sjøslag, inkludert fleire glas brunt brennevin, var ikkje dagen komen for å ta 3 nye 2000m-toppar. Difor peika Vetla Supphellenipa seg ut som ein overkomeleg tur denne dagen (derpå).

Vi satte bilen på parkeringsplassen ca. ved start (det kosta 40 kr per dag - kontant).

Elles går det fin sti heilt fram til Tunga, der den deler seg (begge i retning Flatbrehytta). Her kryssa vi elva - retning aust - og følgde oppover dalen på baksida av fjelltoppen.

Når vi kom nesten opp til enden delte stien seg igjen, ein i retning Flatbrehytta og den andre mot Vetla Supphellenipa. Herfrå hadde vi god utsikt til Flatbreen, som er eit ganske spektakulert skue.

Det vart eit lite stykke over småknausar fram til toppen, der vi til slutt vart krona med flott utsikt over Fjærlandsfjorden.

Vi følgde same veg ned att. Stakkars Jon K. var småsjuk og snufsete og vart difor hengande litt bakpå på slutten. Det ga eg og Arve f i. Frå tunga vart det spurting rett ned til parkeringsplassen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.