Høgdebråtet og Tjønnholstind (06.05.2017)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Tourlänge 8h 24min
Entfernung 21,9km
Höhenmeter 1.307m
GPS
Besteigungen Høgdebrotet (2.226m) 06.05.2017 13:27
Tjønnholstinden NØ (2.180m) 06.05.2017 13:56
Steinflytinden (2.318m) 06.05.2017 14:36
Tjønnholstinden (2.330m) 06.05.2017 15:03
Tjønnholstindens Midttopp (2.315m) 06.05.2017 15:22
Besuche anderer PBE P-lomme sør for Heimdalsmunnen (1.260m) 06.05.2017 09:43
På veg mot Tjønnholstinden og Høgdebrotet
På veg mot Tjønnholstinden og Høgdebrotet
På Høgdebrotet
På Høgdebrotet

Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar til Valdresflya. Vi parkerte sør for Heimdalsmunnen og gjekk i vegen mot Høgdebrotet og Tjønnholstind. Vi kom litt lengre inn i Leirungsdalen enn vi hadde tenkt, og dermed vart oppstigninga til Steinflye noko bratt. Frå Steinflye følgde vi greitt det vanlege spore opp til toppen. På toppen av Høgdebrotet møtte vi Berit Flugstad med følgje, dei skulle også vidare mot Steinflytinden. Vidare mot Steinflytinden vart det svært bratt og ganske så hard snø, så det var litt ekkelt på langrennsski. Då vi kom opp på ryggen mot Steinflytind, og tilbake i solhellinga, vart det mykje betre. Der satt vi frå oss skia, og gjekk på føtene opp til Steinflytinden. Kristine og eg slo følgje med ei til og gjekk eit tråkk til Tjønnholstinden. På veg tilbake var eg oppom Midttoppen, men eg er litt usikker på om eg var på sjølve toppunktet. Nedkøyringa frå Steinflytind var bratt og oppkøyrd, så den var ikkje særleg god på langrennsski. Over breen og Steinflye gjekk det mykje betre, men når vi kom nedover den siste bakken starta snøen å bryte ein del. Turen tilbake til bilen over myrane var lang, men vi følgde nokon andre sine spor, så det var heilt greitt å gå. Det var godt og varmt å sitte og eta og slappe av i sola, så pausane vart lengre enn normalt. Det vart ein strålande fin tur, i eit strålande flott vær.

Tjønnholstinden frå Høgdebrotet. Flanken midt i biletet var hard og vond å gå.
Tjønnholstinden frå Høgdebrotet. Flanken midt i biletet var hard og vond å gå.
På toppen av Tjønnholstinden
På toppen av Tjønnholstinden

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.