Dag 2 i Hurrungane - Lauvnostinden (15.04.2017)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Storhaug/Turtagrø (840m)
Endpunkt Storhaug/Turtagrø (838m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 4h 48min
Entfernung 13,5km
Höhenmeter 1.207m
GPS
Besteigungen Lauvnostinden (1.970m) 15.04.2017 Gipfel nicht erreicht

Etter gårdsdagens eventyrdag i dei vakraste vinterkledde alper! Måtte det bli ein tur innom Lauvnostinden 1970 m før heimtur. Veret var meldt litt "dårleg" på tidleg ettermiddag. Det vil seie ikkje dårleg, men med påfyll av meir snø og nye blanke ark! Fordi alle fjellsider i fjellriket Hurrungane såg ut som alpinbakker etter langfredagens store utfartsdag! Det er selfølgelig også flott å sjå alle spor, sjølv om vi liker best det urørte! Det er fine signaturer av mennesker som er ute og nyter den fantastiske naturen me har. Svein vart med opp mot toppen, Torfinn og Stian som er gutane til Svein tok ein litt kortare tur for ei litt tidlegare heimreise. Sidan vi ikkje hadde med stegjerna, valgte vi å snu før toppen. Eg tenker å gå rundturen via Store Soleiebotntinden seinare i eit passelig høve mot sommaren. Kjekt å avslutte to fine dagar med ein god kopp kaffe i hytteveggen til Mona og Svein på Turtagrø.

Lykka er større enn forstanden!!
Lykka er større enn forstanden!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.