Klanten - lett topptur (26.03.2017)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Startpunkt Rimskjold ved Husum (322m)
Endpunkt Rimskjold (307m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 1h 13min
Entfernung 4,0km
Höhenmeter 286m
GPS
Besteigungen Klantenovi (593m) 26.03.2017 14:26
Besuche anderer PBE Vindhelleveien 26.03.2017 14:02
Sverrestigen 26.03.2017 14:48

Tur til toppunket på Klanten, eller Klantenovi, i saman med Marita i dag. Med den nye peakbook-appen er turen no inne på mi Lærdals-liste over toppar med primærfaktor over 100 m.o.h. Dette er ein av dei lettare toppturar, og som i tillegg er lett tilgjengeleg.

Dette turområdet er fantastisk flott. Det er stiar i mange retningar, og mykje er merka. Ein kan gå Vindhellavegen, Sverrestien, Annastien og Klanten. Ein kan starte ved kyrkjene, eller frå der Vindhellavegen tek til, nokre hundre meter aust om kyrkjene. Det er kanskje finast å gå frå det grøne ungdsomshuset Rimskiold, som ligg 200 meter aust om Husum hotell.

Dette turområde passar til alt. For kulturinteresserte, til roleg søndagstur med barn, og som tempo og trening. Terrenget frå 100 meter aust om Vinhellaskaret (grind) og over Klanten til postkassa ved Sverrestien er fin til tempo og jogging. I tillegg har Anna Tråve laga sin eigen sti, "Annastien", slik at ein kan få ei fin rundtur i lett kuppert terreng. Moro å jogge for den som likar det.

Frå stien mellom Vindhellaskaret og postkassa ved Sverrestien, rette stien over Klanten, er det berre ca. 70 meter avstikkar opp til ei mast som står på det høgaste punktet.
God tur :) Vinterbiletet nedanfor er teke frå ein annan tur, då Runa Mari var med.


Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    "Annastien"

    Geschrieben von Eikås 28.03.2017 22:02

    Annastien står på lista, neste gang eg besøker den dama :) Var mektig imponert over kulturminna og den fine naturen i det området, etter at eg sprang Kongevegløpet Galdane Rundt i haust. Der er mykje fint som står på lista i riket hos dåke :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Geschrieben von Esone 28.03.2017 23:33

      Ja, Galdane og Vindhellavegen er vår indrefilèt. Det er så mykje vakkert så mange stader, at vi treng fleire liv :) Annastien/Klantenrunden er ein kjekk joggesti. Klantenova måtte med no for å få opp delprosent på lista over Lærdalsfjell (67). Den lista skal til 100 %, og eg prøver å rekruttere inn fleire !!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.