Oppdal: Brattfonnhøa og Kringsollen (21.03.2016)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Stølssætra vinterparkering (870m)
Endpunkt Stølssætra vinterparkering (870m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 4h 30min
Entfernung 25,0km
Höhenmeter 1.050m
Karte
Besteigungen Brattfonnhøa (1.676m) 21.03.2016
Kringsollen (1.580m) 21.03.2016
Meldingane for dagen var ikkje allverden. Snøbygene kom og gjekk når vi såg over mot Allmannberget under frokosten. Bestemde oss likavel for Brattfonnhøa. Med Johan som kjendtmann kjøyrde vi til parkeringa ved Stølssætra. La på kortfellene som vi gjekk med heile turen. Veldig lett og fint å gå innover. Litt vind men ingenting å snakke om. Skydekket låg godt nedpå, men når vi nærma oss toppen var det nesten vekke. Heimebrentånden til eit par scooterførarar som passerte oss slo oss nesten i bakken. Ved Orkelsjøen er det partytime heile påska, og slikt som dårleg skiføre og elendig ver har liten innverknad på stemninga der inne. Vi tok av frå scootertraseen og peila oss inn mot Brattfonnhøa. Hard snø og delvis bart over tuer og rabbar. Satte igjen skia og gjekk til fots siste 100 høgdemeterane til toppen. Berre ei hadde skrive seg i boka i 2016, for nokre få dagar sidan. Glei ned i Grønliskardet og plukka Kringsollen. Vi var godt fornøgde, Sissihøa får vente til ein annan gong. Returnerte til skaret igjen og glei heile veien tilbake til parkeringa. Det tjukkna til igjen med snøbygene men det gjorde ingenting no. Fin tur i friskt ver.
Johan mot Brattfonnhøa
Johan mot Brattfonnhøa

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.