Fidjanuten og Tindanuten (18.08.2015)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Karte
Besteigungen Fidjanuten (1.344m) 18.08.2015
Nonsnutane (906m) 18.08.2015
Nonsnutane sør (870m) 18.08.2015
Tindanuten (917m) 18.08.2015
Sørvest for Tindanuten (926m) 18.08.2015

Gjekk frå Tveitane ovanfor Hamrabø på god men bratt traktorveg opp mot Kilavatnet og over brua til vestsida av elva. Det er grusveg et stykke nordover der og før det går over til sti vidare nordover vest for Hamrabøåna. Stien er stadvis utydelig. Mellom Vasslivatnet og Svinstølvatnet er det bru over elva til Svinstølen. Gjekk vidare langs Litlestølåna et stykke før eg dreide av og fulgte bekken opp mot Øykjanuten. Så vidare i den vestvendte fjellsida forbi Uranuten og opp til Fidjanuten sørfrå. Ennå ein del snø igjen i Suldalsfjella særlig vestover i området rundt Skaulen.
Herfå gjekk eg aust-søraustover mot Tyssdalsvatnet og ned i dalen nord for vatnet og opp på dei to Nonsnutane og så opp på Tindanuten. Fleire toppunkt der og gjekk bort til trigpunktet lengst aust som er eit flott utsiktspunkt ned i Brattlandsdalen. Så sørover ned i ein dal og opp igjen til den namnlause 926-toppen. Herfrå fulgte eg ryggen sørvestover ned til Fossastølen. Der måtte eg over bekken som renner ned nordfrå, men fant ingen bru og var vanskelig å krysse den pga relativt stor vassføring. Fant nokon knekte trær som låg over bekken men mista balansen så eg måtte nedi med eine foten og blei litt blaut. Så gjekk eg forbi Skarstølen og rundt vestenden av Skaravatnet på god sti sørover forbi Vasstølen til Holmavatnet der det er stidele. Eg fulgte da stien sørvestover og kom inn på traktorvegen omtrent midt mellom Tveitane og Kilavatnet. Derfrå kort veg ned til Tveitane. Fint og varmt sommerver denne tysdagen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.