Fantastisk på Nonstinden (14.03.2015)

Geschrieben von JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Tourlänge 5h 46min
Entfernung 12,4km
Höhenmeter 1.242m
GPS
Besteigungen Nonstinden (1.572m) 14.03.2015
Vestre Nonstinden (1.504m) 14.03.2015
Besuche anderer PBE Nedre Røsta p-plass (440m) 14.03.2015

Endelig var det tid for skitur igjen! Nonstinden har eg lenge hatt lyst på, og i dag var det på tide. Starta litt før kl.9, og såg ingen verken foran eller bak meg. Det var ganske hard snø oppover, og eg var spent på korleis det ville bli i det bratte partiet. Eg kom raskt opp i sola, og hadde bra tempo oppover. Det bratte partiet gjekk veldig fint, tross litt hardt underlag. Hadde heldigvis spor å gå etter. Brukte ca 2 timar opp, og tilbragte 3 timar på toppen. Etterkvart vart det reine maurtua på toppen, og da passa det fint å tenke på nedturen. Sola og varmen hadde no laga fantastiske forhold, og det var berre å nyte kvar meter nedover!

Utsikt frå Vesttoppen.
Utsikt frå Vesttoppen.
Beskjeden toppvarde på Nonstinden.
Beskjeden toppvarde på Nonstinden.
Et virrvarr av toppar! Høgaste er Vengetindan og Trolltindan. I framgrunnen til høgre er Middagstinden.
Et virrvarr av toppar! Høgaste er Vengetindan og Trolltindan. I framgrunnen til høgre er Middagstinden.
Flott nedkøyring!
Flott nedkøyring!
I retning Stordal. Litlevasstinden til høgre, og Kamben langt der nede til venstre for midten. Sunnmørsalpane i bakgrunnen.
I retning Stordal. Litlevasstinden til høgre, og Kamben langt der nede til venstre for midten. Sunnmørsalpane i bakgrunnen.
Mot sør: Toppar rundt Taskedalen og Grønfonna.
Mot sør: Toppar rundt Taskedalen og Grønfonna.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Flott bilde

    Geschrieben von Olepetter 17.03.2015 16:28

    av Middagstindens pinakler! Det ser brattere ut på bildet enn det var. Jeg har ikke helt ro i sjelen med at vi ikke var på de der pinaklene i fjor høst...

    • -
      avatar

      Sv: Flott bilde

      Geschrieben von JPV100 18.03.2015 19:33

      Ja, det var litt synd vi ikke prøvte oss, men det er jo fullt mulig å dra tilbake senere. Der har du enda en god grunn for å ta deg en ny tur til Romsdalen :)

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.