Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Slettningsegge

Datum:
21.04.2015

Frå Svarteknippa tok eg meg ned til salen mellom Årdalsvatnet og Svarteknipptjernet. Her fann eg ein fin rasteplass, så her vart nista fortært. Medan eg sat her vart eg var ein person som sikkert var på tur mot toppen, men han drog meir austover. Etter kvila bar det rett oppover. Snøen var fast og fin, så den var grei å gå. På toppen møtte eg han eg hadde sett lenger nede. Dette var ein hytteeigar nede ved Torolmen som gjorde sin 3dje årlige bestigning av toppen, men han var ikkje særleg pratsam så det vart eit kort møte. Det var same flotte utsikt her som på Svartenibba, men kassa ved varden mangla bok å skrive seg inn i. Tilbaketuren vart lagd om Sletningsbu, for der hadde eg aldri vori før. Dagens konklusjon: Flott tur og 2 topper.

Karte    

Svarteknippa

Datum:
21.04.2015

Kjøyrde frå Tyin mot Årdal, og parkerte på stor p-plass aust for Torolmen. Det var nesten stille vær og skaraføre, så det var på med ski og feller. Gjekk nesten beint mot toppen. Her var det fin utsikt mot Austabotn - og Skagastølsmassivet. Neste var Slettningsegge.

Karte    

Rennefjellet Nord for

Datum:
19.03.2015

Kjørde bomveg til Syndinstøga, og så sørover til Høymestøl. På med ski og feller, men hard skare og skavlar kombinert med ganske flatt lys gjorde at det det gjekk ikkje fort.Det var også eindel vind idag. Ellers ein grei tur.

Karte    

Kvithovd

Datum:
17.03.2015
Karte    

Haustsæterfjellet

Datum:
12.03.2015

Parkerte ved innkjøring til nedlagte Aven Tre., og tok skogsvegen austover mot Meinset. Den var brøyta berre nokre 100 meter innover, så då måtte skiene på. Det vart staking på glatte ski inn til Midtsætervatnet, og då måtte fellene på. Greit til toppen med utsiktstårnet på godt skaraføre. Flott utsikt til Synfjellet, Langsuene og Skaget. Det var ei grøn turkasse festa på tårnet, men den var tom. Grei tur nedatt.

Karte    

Stølhaugen

Datum:
10.03.2015

Kjørte til Fodnesbygda, og litt nord for denne gjekk det ein brøyta skogsbilveg oppover. Etter ein liten kilometer tok denne feil retning for meg så eg parkerte her.ca 1,8 km til toppen. På med ski og feller, og det vart ein grei tur opp. Lite markert topp, den er kanskje letter å finne når det ikkje er snø. Mykje vind idag, og temeraturen var godt på +sida. Brukte 50 min. opp.

Karte    

Stryteberg

Datum:
04.03.2015

Dette vart siste toppen i Ø. Slidre. Starta frå Garli, og gjekk skiløypa over Gravholen og Oleskaret. Tok så løypa mot Skredalen, og frå denne ein liten kilometer til toppen. Det var greit å gå på langrenski, men sur vestavind gjorde opphaldet på toppen kort. Returen vart lagt om Skredalen og Øystelie, men mykje drevsnø i løypa gjorde at eg brukte lengre tid en eg hadde meint.

Karte    

Løkjeshøvda

Datum:
01.01.2015
Karte