Austefjordegga

Name Austefjordegga
Suchname Austefjordegga
Typ Berg- / Alpintour
Höhe 870 Meter
Region Volda
Elternregionen Europa, Norwegen, Norwegen Festland, Møre og Romsdal, Sunnmøre
Betreuer admin (Administrator)
Letzte Änderung 26.07.2020
Routentyp Normalweg
Markierung Teilweise markiert
Entfernung 10,0km
Dauer 3-4 t
Koordinaten 32V 355799 6883458 (UTM)
Karte Zeige Objekt auf der Karte
Austefjordegga

© Johan Hustadnes

Inhalt
Sprache
Betreuer keiner
Statistik

Besuch von Austefjordegga registrieren.

Insgesamt haben 2 Mitglieder 4 Besuche von Austefjordegga registriert.

Karte

Bilder

Einleitung

Utsiktstur langs Austefjorden

Ankunft

Bomveg til Skinnviksetra. Eventuelt tur/retur frå Høydal. God parkering aust for kort tunell. (Grei å gå gjennom)

Winter

Tips und Diverses

Lite besøkt men flott tur. Det er sti langs vestsida av elva frå Skinnviksetra mot Lisjeeidskyrkja. Ta av mot vest på ca. 550 meter, ved påle, gå nedanfor "Lisjetua" og opp dalsøkket mellom Lisjeeidskyrkja og Måsegga. Frå Måsegga er det flott utsikt, og den blir betre når ein går vidare utover den smale ryggen.
Nord for Vasshornet er eit bratt parti merka med pålar. Her går ein nord mot fjorden, og ut på fortopp (700m) mot vest. Enklaste vei er å klyve ned ei renne like sør/vest for fortoppen. Her er ca 20 bratte meter i ei vegetert renne, langs eit tau. (Sjekk alltid tau du finn i fjellet. Dette var montert i 2020). Om ein ikkje vil klyve kan ein skråe ned bratte grasbakkar mot fjorden. Då må ein eit stykke aust for å passere berg, før ein går vest igjen ved ca 650 meter.
Vidare er ein brei rygg mot Vikehornet. Like vest for toppen finn ein sti og svingar ned ryggen mot Høydalstunellen. Stien er svak i øvre del, men her er open skog, og ein finn greit ned. Stien endar i ei kløft og går så langs dyrka mark til skiltet Høydal.
Det er lite parkering ved denne enden av stien. Anbefaler å parkere på austsida av den korte og lyse tunellen, her er det god plass.

Bilder

Ausgangspunkte

Skinnviksetra i Austefjorden.
Eventuelt tur/retur frå Høydal, ved skiltet "Høydal" vest for tunell.

Externe Links

Literatur und Referenzen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst: