Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Gulkoppen med bæremeis

Datum:
30.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Hjørungneshornet

Datum:
07.10.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,1km
Karte    

Ulsettua

Datum:
07.10.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:33h
Entfernung:
5,9km

Det var på tide å få kryssa ut dei to siste toppane på Hareid pf100. Først ut var Ulsettua denne dagen. Denne turen starta ved parkeringsplassen innerst i Snipsøyrdalsvegen (køyr litt vidare inn der som er skilta blindveg når du kjem til der vegen svingar til venstre). Derfrå startar turen opp ein skogsveg, til ein kjem til "bordet" som er ein type rastebenk som er utplassert på toppen av ryggen mellom Snipsøyrdalen og Alme. Møtte nokre folk på tur og det virkar som det er ein tursti som blir brukt litt. Ikkje rart, for der er fint oppi skogen der, og når ein kjem opp har ein vakker utsikt mot Vartdalsfjorden. Ein tek av til venstre ved denne benken, og då tek stien deg med ganske bratt opp skogen. Der er lagt ut tau på nokre litt sleipe svaberg, utan at det kanskje >>>

Karte    

Jakta frå Øye

Datum:
23.09.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:27h
Entfernung:
12,0km

Endelig kom dagen der turen til Jakta vart gjennomført. Dette er eit fjell eg har venta i langt tid på å bestige. Denne gongen var det dobbel gevinst då Jakta var siste fjelltoppen eg mangla på den tidsbegrensa fjellsamlingslista på jobben. Meldingane var strålande, og til tross for litt lette skyer på vegen til Øye så starta vi med godt mot. Eg knipsa ein del bilder sidan eg sleit litt med å finne gode bilder her på peakbook som beskriv stien/turen til topps. Har også lagt opp eit GPS-spor. Vær OBS på at det er nedturen som viser rett rute i den noko utfordrande grasbakken. Vi brukte knappe tre timar opp i svært bedagelig tempo. Tre fotballkampar på fire dagar i forveien hadde tæra på overskudded, så dette vart ein tung tur både opp og ned. Utsikta er meget, meget bra, og >>>

Siggjo på Bømlo

Datum:
25.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,3km

Tåka forsvant akkurat i tide. Noko opptrakka sti, men alt i alt ein kjempefin tur til Bømlos høgste topp

Karte    

Runde i Laurdalen (Frøhornet, Felden, Klakken og Lisjetoren)

Datum:
13.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:04h
Entfernung:
10,8km

OBS! Denne runda bør ikkje gjerast av folk som er høgderedde. Turen over "knivseggja" er veldig luftig, og ganske krevande. Eg hadde gjort min research, og eg lid ikkje av høgdeskrekk, men til og med eg kjente godt på det i eit par av partia. Men er ein forsiktig, og det er tørt og fint, så går det bra. Denne turen hadde eg planlagt i lengre tid. Spesielt å besøke Lisjetoren, som ser så innbydande ut nede frå Bjørkedalen. Planen var oppprinneleg å ta turen ei helg, og plukke med seg Storetoren til slutt, men sidan turen vart gjort på ein kvardag måtte vi droppe den. Vi valgte å ta med "omvegen" opp til Frøhornet dog, for å få ein ekstra 1000-meterstopp. Turfølget denne dagen va Kristian og Ove. Alt i alt ein strålande tur, der det einaste vesle minuset >>>

Karte    

Festøykollen i tåke og regn

Datum:
11.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:43h
Entfernung:
8,0km

Livet består av valg. Gode valg, og mindre gode valg. Valget om å forlate ein brukbart fin sommardag i Herøy for å gå Festøykollen i regn, vind og tåke må kategoriserast som eit svært lite godt valg. Ein tur for spesielt interesserte. Hadde det ikke vore for selskapet i dei tre andre kollegaane mine så hadde dette vorte huska som ein av dei verste turane. Noko av skylda var mi eiga, all den tid eg var altfor lettkledd, og det vart dermed iskaldt dei øvste 2-300 høgdemeterane. Null utsikt. Og so kaldt at eg ikkje orka å ta eit einaste bilde på turen. Ikkje orka eg å ete sjokolade på toppen ein gong. Det seier alt. Men nok ein topp er kryssa av på lista, og ein vakker dag - bokstaveleg talt - skal eg kanskje besøke Festøykollen igjen. Då får eg sikkert nytt utsikta også. PS >>>

Ulvestaddalen rundt

Datum:
06.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:18h
Entfernung:
12,8km

Planen denne dagen var å kome seg opp på Velsvikskåla. I reseachen såg eg at nokon hadde tatt "runda" rundt Ulvestaddalen og dermed plukka fem toppar langs sin vei. Det hadde eg også lyst å gjere, så eg allierte meg med min kompis Kristian, og etter å ha solgt inn turen som "det teke vel ca 3-4 tima" so va vi klare etter å ha tatt 17:20 ferga frå Folkestad. Etter litt handling på nærbutikken så kom vi oss opp i dalen og til utgangspunktet for turen - Ulvestadsætra. Ein betalar 15kr i bompengar for å kome seg opp dit. So far so good. Vi hadde ein relativt kortfatta turrapport å gå etter, men tanken var å gå rett opp frå parkeringa til vi nådde ryggen vi kunne følge opp til første topp - Snøhornet. Det var også det vi gjorde. Der var mykje fluger på >>>

Hallehornet og Middagshornet frå Romedalen

Datum:
05.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:53h
Entfernung:
6,4km

Dagens tur gjekk frå Steinsøylen, opp til Hallehornet og over ryggen bort til Middagshornet. En svært vakker fjelltur. I motsetning til sist eg besøkte Middagshornet så vart det same veg tilbake, heller enn å fortsette ned på andre sida av Middagshornet og retunere til Steinsøylen via dalen. Der var det vått og ikkje særleg bra å gå om eg huskar rett. Turen i seg sjølv kan nok best oppsummerast i bilder, heller enn ord.

Karte    

Høgåsen

Datum:
02.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:38h
Entfernung:
2,7km

Etter at Laupsnipa hadde fått slagget ut av kroppen var det like greit å plukke ein topp til når ein først var "i området". Dermed vart det ein kjapp tur opp på Høgåsen også, sidan den er på lista det vert samla etter for tida. Høgåsen er ein fin liten tur med vakker utsikt mot Herøy frå toppen. Nokre vil sikkert også hevde at ein ser Ulsteinvik herfrå, men det la eg ikkje merke til :) Fascinerande "skogtunnel" på vegen opp er noko som sikkert gjer turen spennande for ungar.

Karte