Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge
- Datum:
- 07.09.2014
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj.
Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg.
Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>
School of trad 3: Cannon Cliff
- Datum:
- 09.08.2014
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
- Tourlänge:
- 9:00h
School of trad del 3: alpin/større vegg. Cannon Cliff er "the tallest and most respected cliff in New England" , ein 2km lang granittvegg broten opp av eroderte renner. Innimellom her finn ein flott steinkvalitet, samt mykje rot.
Eg har endelig byrja å innynde meg hjå lokale klatrerar, så vi var ein heil gjeng som køyrde til Cannon denne morgonen. Her vart det mykje nytt for ei enkel buldre-sjel. Det var berre å lære seg teknikkar som rissklatring, finger og handjamming, diederklatring, pendeltravers (!!), offwidth og hengande standplass. Det var ikkje så mykje leding på meg denne dagen, ei 5.6 og ei 5.7-taulengde. Men, ein flott dag der vi stort sett hang i veggen frå 9 til 5.
S&D:
Moby Grape, 5.8 8tl, første tre gått denne dagen.
Vertigo, 5.9 4tl.
Ingen tvil om at man skal tilbake til Cannon!
Klatretur til Farley Ledge
- Datum:
- 02.08.2014
- Tourcharakter:
- Klettern
Farley Ledge er noko så sjeldan som ein godt bevart hemmeligheit halvannan time utanfor Boston. Grunneigar har akseptert klatring på området så lenge det ikkje lagast førar eller spreiast omfattande info på nettet. Likevel er området fint utvikla og tilrettelagt med trapper, bolta ruter og stiar. Lokale klatrarar peika oss villig i retning av passande klassikarar. Klatringa på Farley Ledge er overraskande fin og variert til å vere eit "Massachusetts-Crag". Nedre vegg er sandstein i Gunks-stil, medan øvre vegg er nydelig gneiss med reinskorne riss og flak. Rutene er både sport, trad, og blandingsruter, noko som gir fin variasjon og mange moglegheiter ila. ein dag. Feltet er ikkje så stort, så nokon evig klassikar vert det ikkje. Men svært høvelig for dagsturar der ein >>>
Utslått forsøk på Navajo Peak, og litt om Boulder
- Datum:
- 21.07.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:00h
Utslått forsøk på Navajo Peak
Dette skulle vere vår siste aktivitetsdag på Colorado-ferien, og turen skulle gå til Navajo Peak. Den er ikkje av dei høgaste Indian Peaks, men absolutt ein av dei penaste.
Vi skulle tidlig plukka opp dei dårlige omena: i går var det berre rot og tull i klatreveggen. I dag, på veg til trailheaden, var vi nære ved å køyre på ein hjortekalv. Den hadde englevakt.
Men dette lot oss ikkje stoppe, og vi var på trailheaden kl. 06. Optimistiske la vi i veg på den noko langtekkelige anmarsjen, medan vi plystra høgt for å skremme vekk eventuelle bjørnar og fjelløver som visst nok skal vere i området. Men, beina var tunge denne dagen. Og Kona snubla og svima meir og meir opp etter snøfelta. Mitt eige toppinstinkt, som vanligvis er sterkt og vitalt, var >>>
Longs Peak ad Kiener's Route
- Datum:
- 19.07.2014
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
- Tourlänge:
- 10:00h
- Entfernung:
- 18,0km
Tida var komen for Colorado-ferien sitt høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Meir info om Kiener kan ein finne her . Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli truffe av lyn eller fryse ihjel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre.
Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og >>>
Mount Elbert
- Datum:
- 18.07.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:42h
- Entfernung:
- 14,8km
Mount Elbert er det "2nd highest peak in the continous USA", dvs det ekte Amerika bortsett frå Alaska og anna rask. Vår veg til Mt. Elbert var lang og kronglete, der sjølve gåinga var ein overraskande liten del av eventyret.
Etter å ha bestege Mt. Evans med bil lurte eg og Kona på kva som var neste ferieeventyr i Colorado. Kona ville gjerne sjå Aspen, som etter sigende har av dei høgste boligprisane i USA, noko som var eksotisk nok, men ikkje ein stad vi ville overnatte. Etter køyring opp og ned frå fjellpass og djupe dalar med imponerande fjelltoppar byrja det å bli seint.
"Her er det ein by, der kan vi stoppe", sa Kona, og vi svinga av til byen Vain. Vi lukta raskt lunta. Vain sin bebyggelse var stort sett Marriot Plastic Plaza mm. og menneska her var kledd i >>>
Mount Evans med bil
- Datum:
- 17.07.2014
- Tourcharakter:
- Autotour
Toppsamlarnerden møter somme gonger på harde dilemma. Eg gjekk meg på eit slikt i dag: eg besteig mitt til no høgste fjell, Mt. Evans. Problemet er at USA sin høgste bilveg går opp til toppen av dette fjellet. Eller nærare bestemt ca 40 m under sjølve toppunktet. Det vert difor ei særs lite ærerik bestigning. Likevel skal jo enklaste veg opp gjelde fullt ut som bestigning. Dei fleste toppar har ei eller anna form for formildande omstendigheit, og det vert raskt komplisert om ein skal byrje å sette grenser.
Så Mt. Evans vert registrert (dessutan hjalp det at tre andre på Peakbook-brukarar har registrert bestigning av denne toppen frå før). Eg får vege opp med å gå meir kompliserte ruter av andre toppar.
For dei som er interessert i slikt så har Mt. Evans noko så sjeldan som >>>
First Flatiron
- Datum:
- 15.07.2014
- Tourcharakter:
- Klettern
- Tourlänge:
- 7:00h
Tur opp første strykejern, både for å teste multipitch-eigenskapane, for å klatre eit landemerke, og for å få litt utsikt.
Vi byrja på ruta Baker's Way (5.3) som byrjar eit stykke opp til venstre for fronten, for så å følge ei hylle opp ca midten av nordegga. Første taulengde byrja med litt 5.3-klatring, før eg kom opp på sjølve svaet. Her var det berre å la sikringane vere på selen, og rusle seg oppover før eg sette standplass etter nesten fullgått tau. Kona kom etter og leda neste lengd: rundt eit greit hjørne og opp på sjølve hylla Baker's Way. Dette kunne vi gått løpande med joggesko. Ho sette standplass etter vel 60m, og resten av vegen opp til nord-egga rusla vi usikra.
På nordegga ankra eg meg i eit rapellfeste, og kona tok det som nok var turens vanskeligaste taulengde >>>