Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura (03.06.2016)  6


Tourcharakter Alpinklettern
Tourlänge 19h 00min
Höhenmeter 1.000m
Karte
Besteigungen Mongejura (1.317m) 03.06.2016 Gipfel nicht erreicht
Besuche anderer PBE Mongejura Sydpillaren (290m) 03.06.2016

Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest).

Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre minner om å ha blitt psyka ut av veggane i Yosemite for eit år sidan, bestemte eg meg for at her skulle vi faktisk kome oss greit opp.

”Vi” er meg og Andreas, som er den andre personen med så og seie ubrukt storveggsutstyr i kjellaren i Trondheim. Og då Kona spurte om eg ville vere med ein tur til Oslo i byringa av Juni, foreslo eg kjapt: ”nei”, og sa at Andreas måtte holde av helga.

Då helga (eller fredagen då, den utvida helga) nærma seg var det meldt panservær, så eg brukte den akademiske fridomen til å iverksette ein oval weekend. Arve Stavø hadde også lyst på tur. Han hadde klatra ruta før, og tilbydde seg å være med å peike vegen. Arve har eg ikkje klatra med før, men berre utveksla nikk og grynt med på Klatresenteret, men han har klatra sidan 60-talet, og har ein del høgdemeter i kroppen, for å seie det slik. Det er alltid fint å klatre med erfarne folk, for ein kan alltid bli betre og tryggare i veggen.

Det var spent men optimistisk stemning i teltleiren på Skiri kvelden før. Arve gledde seg til fartstrekorden hans skulle ryke i morgon, og eg og Andreas lurte litt på kva han meinte med det. Men alt dette var gløymt morgonen etter klokka 4. Kaffi, skjever og oppracking, så var vi klar til avgang ved Kors Kirke klokka 5:15

Klar for avgang ved Kors kirke. Her er alt du treng for å klatre ein storvegg: tau, bling-bling, og ein lapp for å finne vegen. Lappen mista eg fort. Heldigvis hadde Arve med ein til. Han har vore i fjellet før.
Klar for avgang ved Kors kirke. Her er alt du treng for å klatre ein storvegg: tau, bling-bling, og ein lapp for å finne vegen. Lappen mista eg fort. Heldigvis hadde Arve med ein til. Han har vore i fjellet før.

Anmarsjen var ikkje så ille som tidligare beskrive, og tre knivskarpe alpinistar stor klar ved innsteget kl. 6.

Knivskarpe alpinistar på innsteget.
Knivskarpe alpinistar på innsteget.
Opp!
Opp!

Arve tok første blokk som var løpande sikring gjennom hu og hei dei 5 første lengdene, og etter å ha rota vekk skoen min i buskene var vi to andre også i tauet. Etter det fekk eg skarpenden, og eg gav meg ut på den mykje avbilda 6te lengde (første 6er-lengde). Det første taket eg kjende på var laust. Eg kvapp til. ”Dette er fjellklatring” sa Arve. Eg saug det til meg og gav meg hen til oppdriftsguden. Nydelig lengde, bratt og delikat, men gode tak, så luftig opp offwith (som eg klatra utanpå), og opp til stand. Vi var i gang!

6te taulengde, fotomotiv. Eg fikk inn ein heel-hook på denne lengda.
6te taulengde, fotomotiv. Eg fikk inn ein heel-hook på denne lengda.

Vidare gjekk eg dei neste tre lengdene (6-, 4, 5) før veggen røyste seg til den neste 6er-lengda. Andreas var gira på den berykta offwithen på denne lengda. Sidan han hadde dårlig erfaring med kombinasjonen magasjau og offwith frå Yosemite sikra han seg at dette ikkje var eit problem denne gong, før han forsvann opp Mordor-veggen. No letta også morgentåka. Romsdalen ønska oss velkomen!

Skodda letnar!
Skodda letnar!

Andreas tok seg tid i bratta, og medan vi venta kom eg i skade for å seie at eg ikkje var imot via ferrata sånn i prinsippet. Dermed hadde eg og Arve diskusjonen i gong for den neste timen medan Andreas kjempa med veggen ovanfor. Fin måte å bryte isen på – frontane i den norske via ferrata-debatten er steile.

Deretter fulgte eg etter. Denne lengda var meir seriøs enn den tidligare klatringa, til dels laus, og til dels litt tynt sikra. Alltid bratt. Den går midt på pillaren med godt med luft under baken. Der eg skvisa meg opp den 6 meter høge offwithen undra eg meg over at det ikkje var sett sikringar her. Men lenger oppe, derimot, hadde Andreas tatt ein real omveg opp under eit overheng der han hadde satt ei nøtt. Dette hadde laga eit vanvittig taudrag for Arve sitt tau, og eg måtte klatre opp for å løyse den før Arve kunne fortsetje. Her oppe fann eg både ein gammal bankebolt og eit morkent bailetau. Det har vore god stemning i denne hula også tidligare tydeligvis. Eg måtte klatre litt nedatt, og håpte ikkje Andreas skulle stramme tauet så eg fekk meg ein solid luftetur. På stand møtte eg ein litt anpusten Andreas som hadde hatt litt av eit eventyr på 10ande taulengde, med laus stein, runouts og taudrag av ein annan verden. "Kvifor sikra du ikkje offwithen", spurte eg? "Æ va for redd til å slepp" var svaret. Andreas er ikkje så ofte redd, så det sa litt. Men den bankebolten hadde han i det minste ikkje brukt – så stilen var god! Arve kom jodlande etter og snakka om kremklatring.

Eg og Arve følger den eksponerte 10ande lengda.
Eg og Arve følger den eksponerte 10ande lengda.
Formiddagsmat og fjellfies.
Formiddagsmat og fjellfies.

Vi tok ei skive før Andreas leda opp litt meir hu og hei. På ei av grashyllene gav eg føtene mine ei pause frå skoa for første gong på turen, men jammen var det ikkje fullt av maur på hylla! Dette gav særs utfordrande standplassarbeid *au au.

Så var det tid for neste 6er-lengde, den pene dieder/kamin/riss-16nde taulengde. Denne tok eg, og eg tok direktevariasjonen. Veldig morsom teknisk klatring, der kreativ beinbruk og stemming i kombi med jamming fekk meg opp. Eg sette stand på ei hylle under eit nytt dieder. Dette var ikkje riktig, eg skulle fulgt også neste dieder til topps. I staden tok eg feil ut til høgre etter stand, på det som skulle vere ei 4+ lengde. Det viste seg å vere dårlig sikra og laust, men for så vidt enkelt. Der oppe er sikringsmoglegheiter! Nei, der er berre ein laus stein på svaet. Der er ein bombekam! *bonk bonk. Nei, på ingen måte. Vel vel, ingen sikring = ingen taudrag. Eg fekk traversert meg tilbake til toppen av diederet, og satt stand på stor hylle. Spicy 4+ ja!

Funky hjørne på 16nde lengde.
Funky hjørne på 16nde lengde.
Opp!
Opp!

Deretter gikk det slag i slag eit par lengder til. Dalbotnen forsvann under oss, og tida forsvann bak oss. Oppdriftsguden hadde virkelig vore på mi side i dag, men no byrja eg å merke køyret. Så då Arve tok over ledertrøya for 20nde lengde var eg takknemlig for det. Over oss ruva toppveggen bratt. Eg forstod ikkje korleis det berre skulle vere nokon få moderate lengder att! Men Arve sette seg i guide-modus og dundra opp vertikalen.

Fargeklattar i veggen
Fargeklattar i veggen
Arve i guide-modus. Opp!
Arve i guide-modus. Opp!
Stemning på stand. Opp er framleis trenden.
Stemning på stand. Opp er framleis trenden.
Det byrjar å bli seriøst langt ned.
Det byrjar å bli seriøst langt ned.

Lengde 20 og 21 var bratte, vedvarande og eksponerte, men på veldig gode tak. Utrulig fin klatring. Vidare tok Arve ei kort lengde til under det lause bandet. Her måtte vi inn å sjekke biletet til 500fjell for å sikre oss rett veg inn i den skjulte renna. Andreas hadde krutt i ræva (denne gong i overført betydning) etter å ha leda litt lite hittill, og gleda seg som pesten til enkel men dritskummel klatring i på korthuslengda gjennom det lause bandet.

Alpine climbing is easy climbing in dangerous places. Ja nettopp! Gi meg det!
Alpine climbing is easy climbing in dangerous places. Ja nettopp! Gi meg det!
Eksponert inn i den skjulte renna.
Eksponert inn i den skjulte renna.

Eg likte meg dårlig i dette steinbrotet, men då eg drog meg over siste overhenget såg eg at terrenget flata ut. Herifrå var det enkelt. Vi hadde klart det!

Uttopping! Stakkars dei som brukar kort tid på ruta og går glipp av solnedgangen!
Uttopping! Stakkars dei som brukar kort tid på ruta og går glipp av solnedgangen!
No er det faktisk heilt seriøst langt ned. Her kom vi opp!
No er det faktisk heilt seriøst langt ned. Her kom vi opp!
Enklare terreng vidare
Enklare terreng vidare

Vidare gikk vi to lange enkle lengder til før vi gikk over til løpande. Eg ymta frampå om vi skulle gå for toppen, noko det ikkje var stemning for. Det var i grunnen heilt greit. Det var langt ned att, langs ein noko spenstig turistforeningssti.

Vi prøvde også å ta ein slags selfie, med avgrensa hell.
Ein liten kuriositet: desse grøne rapellankera fulgte oss heile vegen omtrent til topps. Dette var det siste vi såg, kanskje 50 meter frå toppen. Nokon har hatt ein veldig dårlig dag i veggen. Det var utrulig kva slags kvist og småstein dei hadde rappellert av. 1000 meter rappell er langt!
Ein liten kuriositet: desse grøne rapellankera fulgte oss heile vegen omtrent til topps. Dette var det siste vi såg, kanskje 50 meter frå toppen. Nokon har hatt ein veldig dårlig dag i veggen. Det var utrulig kva slags kvist og småstein dei hadde rappellert av. 1000 meter rappell er langt!

Arve var no ikkje i form for smalltalk, og hadde los for ølen i bilen. At denne mannen er 60 år er rett og slett utrulig, ein veldig stayer-evne. Eg var heller ikkje så pratsom, og eg er ikkje 60. Andreas var veldig pratsom, og fekk ikkje fullrost eigen gå-teknikk. Det er lov å vere glad etter å ha gått Mongejura.

Tilbake på vegen klokka halv tolv, etter 20 timar på farta.
Tilbake på vegen klokka halv tolv, etter 20 timar på farta.
"Der tok eg foten opp dit, og der brukte eg handa på det sidetaket"
"Der tok eg foten opp dit, og der brukte eg handa på det sidetaket"
I Yosemite er steinen solbrun, og klatrarane også. I Noreg er steinen mørk og klatrarane bleike. Ingen tvil om kva som er tøffast.
I Yosemite er steinen solbrun, og klatrarane også. I Noreg er steinen mørk og klatrarane bleike. Ingen tvil om kva som er tøffast.

Dagen etter var det vanskelig å sjå seg mett på Mongejura-veggen. At det skal gå ei såpass overkomelig klatrerute opp der er rimelig unikt. Det gir ein enorm mestringsfølelse og tilfredstillelse, og der vi rusla ikring på tindesenteret same ettemiddag følte vi nærast at vi var ein del av attraksjonen!

Takk for ei fantastisk oppleving Andreas og Arve!

Ein annan vegg i området. Her får ein visst kjøpt softis når ein skal klatre. Useriøst.
Ein annan vegg i området. Her får ein visst kjøpt softis når ein skal klatre. Useriøst.

Mongejura Sydpilaren - Di første storveggsrute?

Dette var mi første storveggsrute, og kanskje kan det også vere di første storveggsrute? Det er i alle fall ein veldig fin kandidat! Her er nokre tips medan eg enda har det friskt i minne.

Det er to hovedutfordringar med denne ruta:
- Graderinga. Tre av lengdene er grad 6. Du må kunne klatre grad 6 solid på eigne sikringar. Det er vanskelig å drage seg opp på sikringane både på 6te og 10ande taulengde.
- Lengda. Dette er ein LANG dag. Siste 6er-lengde er 16ande lengde. Tl 20 og 21 er også fysisk krevjande. Det lause bandet og den skjulte renna er psykisk krevjande. I tillegg er det 26 standplassar som skal riggast. Det tar tid.

Så dette må vere på plass før du set i gong:
1) 6er kileklatring må vere grei skuring. Lengdene er ikkje lette for grada, men heller ikkje veldig veldig vanskelige. Eg tykte Hastverk på Selnes var ei god samanlikning.
2) Standplass og sikringsarbeid må gå fort, utan for mykje tankekraft. Brukar du ein halvtime på å setje standplass bør dette øvast inn. Ein av dei største tidstjuvane på vårt forsøk var at som tremannslag var tauarbeidet meir rotete. Vi tapte eit part timar på det summa summarum. Har ein det i fingrane varer hovudet lenger.
3) Fitness. 90 % av klatringa er moderat, med litt hardare innimellom. Det er ein lang lang arbeidsdag i ein skarp situasjon. Det tar på kropp og hovud. Dette er kanskje eit litt vagt og floskelaktig råd. Men eg sjølv synest det er litt underkommunisert. Då vi gikk Royal Arches (16tl) i Yosemite var vi kjempeeffektive på dei første 10 lengdene. Dei siste 6 var enkle men tok skikkelig lang tid. Det var berre såvidt vi kom oss ned før mørket! Når ein er sliten går tida og feila kem. Kjøp "Training for the new alpinism" av Steve House, lag deg ein plan for å bygge base og stamina.

Ein svært god måte å forbrede seg på er å pushe seg litt på multipitch. Mi beste trening var å prosjektere på VMC Direct (kanskje 6+/7-) i fjord. Det var virkelig gull verdt. Dette er kanskje veldig generelle råd, men som relativ nybyrjar i tradklatring og multipitch er dette for meg essensen.

Så utstyr:
- vi prioriterte kammar ettersom dei er raske å plassere, og sidan veldig mykje av klatringa er så moderat at vekt ikkje er så viktig. Mange av lengdene er lange, og det er fint å kunne gå ut lengda og sikre godt. Eit fullt BD (opp til 3) Camalog-rack med doble av 0.5-2. I tillegg hadde vi med nokon andre større kammar (Metolius Supercam). Denne ruta et kammar, og det var ofte deilig å få inn godt og stort gods. Særlig i offwithen :-) Dei store kammane kan sikkert erstattast av nokon i mellomstørrelsen. Andreas savna småtterier på 10ar-lengda.
- Eit nøttesett. Eg kan telle på ei hand kor mange nøtter vi satte, men dette er eit spørsmål om smak.
- 12 slynger. Ettersom mange av lengdene er lange/løpande/vandrande brukte vi desse masse. Langslynger er også fint å ha eit par av.
- 2 lange standplasslynger.
- Romslige sko. Eg brukte dei slappe gym-skoa mine. Blir klatringa så delikat at det står på skoa har du gått feil.
- 60m halvtau. Ikkje enkelttau. Halvtau gir mindre taudrag, er tryggare, og må du snu så er det 60m-rappellar i staden for 30m rappellar.
- I tillegg til hjelm, sele, solkrem etc etc.

Taktikk:
- Stå opp tidlig og start tidlig. Vi starta klokka 5 men kunne starta enda tidligare. Er dette din første storvegg så klatre den om sommaren når det ikkje blir mørkt. Byrjinga av Juni var flott.
- Print ut bilete av innsteget. Stien er dårlig, og innsteget er vanskelig å sjå.
- Ha føraren i fleire kopiar. Eg mista min kopi allereide på første lengda. Utan førar er du i hardt vær. Då er det berre å snu. Føraren er logisk om du er på riktig veg, og stort sett ser ein kvar det har vore folk før (bortsett frå innsteget). Om du er på feil veg så er den ikkje logisk. Særlig er det viktig å finne vegen inn til under den skjulte renna. Dette er eit seriøst område, og den skjulte renna er eit slags lite under av ein enkel veg gjennom bratt og veldig laust fjell. Ta med bilete av den skjulte renna! (Det er også mobildekning under den skjulte renna. Google 500fjell Sydpillaren Mongejura. Det gjorde vi).
- Ikkje drit deg ut på dei moderate delane (byrjinga og slutten). Sjølv om det er enkelt så hold deg i tauet og gå desse par hundre metera løpande. Sjølv om toppen etter den skjulte renna er enkel, er den eksponert. Og du er gåen. For mange klatrerar har ramla til det hinsidige i moderat terreng.
- Ha med kjentmann om du kan. Du får likevel klatra masse masse masse. Eg og Andrease hadde nok klart den heilt fint sjølv også, men det hadde vore meir jobb.
- 2 eller 3 i taulaget: 2 gir meir effektivt tauarbeid, men meir jobb pr pers. 3 er eit litt tregare lag, men det har mykje å seie å ha ein ekstra til å gjere lede-arbeid. IKKJE ta med ein person som ikkje skal lede. Det er det verste av dei to.
- Vi tok med 2L vatn/person. Det holdt såvidt. Mange tar med 3 liter. Men alt skal bærast. Vurderingssak. Sjekk været.

Yes, det var det. Støt HARDT!

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kjempelesning!

    Geschrieben von AndreasNordstrand 12.05.2017 16:10

    Knallartig å lese turrapporten ett år etter:-) gir inspirasjon til nye høyder denne sesongen!

  • -
    avatar

    Beste turrapporten din �

    Geschrieben von AndreasNordstrand 12.05.2017 16:08

    Artig å lese turrapporten ett år etter Kris! Gir inspirasjon til nye høyder denne sesongen!

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Geschrieben von 500fjell 09.06.2016 14:42

    Flott og underholdende rapport fra en nydelig rute! :)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer

      Geschrieben von kobbenes 10.06.2016 10:20

      takk for det, Sondre! Lurer på om varden din er vekk :-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Gratulerer

        Geschrieben von 500fjell 11.06.2016 01:47
  • -
    avatar

    Fin stil

    Geschrieben von SturlaS 09.06.2016 10:44

    Episk tur og flott TR! Har ventet litt på denne.

    Godt Arve var med å sikret god stil (ser jeg noe som ligner kalk på et bilde...). Dere tok vel en diskusjon om f.eks. NTK i løpet av dagen også?

    Hvordan synes du graderingen på 6'er-lengdene var? F.eks. i forhold til 5+ på Størenhammeren (som har gitt meg noen ørefiker på forsesongen..).

    • -
      avatar

      Sv: Fin stil

      Geschrieben von kobbenes 09.06.2016 10:49

      Takk for det, Sturla! Det vart tid til diskusjon av både stil, naturinngrep og NTK ila dagen ja ;-)

      Eg synest nok størenhammaren er litt soft, for eksempel heksedans ville eg gitt 5. 6er-lengdene er meir i tråd med 6erane på Selnes. Går du dei greit så har du vanskeligheitsgrada inne :-)

  • -
    avatar

    Fantastisk rapport

    Geschrieben von elbow 09.06.2016 09:28

    Særdeles fornøyelig lesning og flotte bilder! Men "såpass overkommelig rute" - alt er relativt i Romsdalen også ser det ut som...

    • -
      avatar

      Sv: Fantastisk rapport

      Geschrieben von kobbenes 09.06.2016 10:55

      takk for det! det er jo relativt bratt i romsdalen då :-)

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von ligroenb 09.06.2016 08:44

    Wow, for en tur dere har hatt !!

    • -
      avatar

      Sv:

      Geschrieben von kobbenes 09.06.2016 10:56

      yes, det var litt av ein dag ja! stor side i minneboka!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.