Yosemite 1/2: Royal arches (27.04.2015)


Start point Upper Pines Campground (1,200m)
Endpoint Upper Pines Campground
Characteristic Climbing
Duration 13h 00min
Vertical meters 430m
Map
Visits of other PBEs Yosemite Valley (1,200m) 27.04.2015

Yosemite Valley; for ein kvar klatrar er dette som Mekka og Medina for gode muslimar. Granittveggane står opp mot 1000 meter på kvar side av den flate dalbotnen, og delikate sprekksystem skyt oppetter stupa. Så mykje av moderne klatresport har vorte utforma her, så det var berre sjølvsagt at dei siste to månedane har gått med til trening og drøyming om årets store klatreferie. Vi skulle tilbringe halvannan veke i Yosemite saman med Andreas og Solveig. Kjære lesar – du ventar vel på ei gullrekke av dristige bestigningar? Vil dette bli fuglen fønix ut or asken, i flott flukt gjennom de høyre sfærer? Eller blir det luftskipet Hindenburg? Kva kan gå feil når forventingane er så skrudd til?

Eg landa i San Fransisco fredag kveld, heiv klatrestæsjet i leigebilen, og køyrde inn i natta dei 4 timane til Yosemite. På veg inn i parken byrja det å snø (av alle ting). Første dag var det snø og skodde, men andre dag klarna det opp, og eg fekk ta dalen i augesyn. Det var sannelig høgt ja! Eg merka ein viss nervøsitet med tanke på alle planane vi hadde lagt. Men denne dagen gikk eg både ein 1tl 5.9 som oppvarming, og ein V6 (norsk 7a bulder), så forma var bra. Dette kom til å bli knall!

Måndag var det på tide å kome seg opp i veggen. Anders, ein svensk kar som Andreas hadde reist saman med ei stund, ville prøve på Royal Arches (16tl, 5.7 A0/5.10a). Dei var så hyggelige at dei let meg vere med. Vi stod på innsteget klokka 6:45. Eg hadde lest i klatrebok at på lange ruter er det lurt å dele opp i ledeblokker, dvs at kvar person leder ei ”blokk” av ruta. Vi gjorde det slik at Andreas leda dei 5 første, eg dei 5 neste, og Anders dei 6 siste, fordelt etter det vi meinte ulike personar kunne gjere kjappast.

Første del langs hyllesystem, 5.5/5.6-parti med klyveseksjonar mellom, og Andreas tok oss kjapt løpande gjennom desse. Så snudde ruta seg rett opp eit sva som gikk over til ei grunn polert renne. Eg sikra han, og han sette i veg opp den noko flakete granitten. Ruta fulgte ei rampe opp mot høgre, men Andreas var tydeligvis lei av enklaste veg, og ville prøve friksjonsklatring rett opp renna. Han banka inn ei nøtt, og stemte som ein helt. Dette lukta trynings, tenkte eg. Han var no 3 meter ovanfor nøtta med eit bestemt blikk mot hylla ovanfor seg. Hæpp, sa han og gikk for hylla. Og nettopp, der skaut høgrefoten av granitten og han kom seilande i sakte kino ned slab'en. Eg kasta meg i buskene under meg for å drage inn så mykje slack som mogleg, og han stoppa pent og pyntelig 5 meter under der han hadde blitt spytta av. "Litt gøy må man ha det i fjellet" kvitterte han. Då eg såg nøtta han hadde satt tenkte eg at det var jo ikkje måte på kor gøy det skulle vere. Nordstrand-nøtt vart resten av turen eit etablert omgrep for tvilsome nøtter.

Man skal opp, ja? Effektivitet er alpinistens adelstegn.
Man skal opp, ja? Effektivitet er alpinistens adelstegn.

Vi tok ein enklare veg rundt renna, og kom opp i eit moderat sprekk-terreng. Etter det tok eg over, og fikk nokre veldig fine lengder på nydelig granitt, mellom anna ei sprekk som tok gode hand-jams (finaste lengda på ruta?). Sjølv om mi blokk vart den kortaste, så var eg vel nøgd allikavel då den heilt klart var den finaste. Eg avslutta i eit etablert anker som tydeligvis hadde blitt gjort til maurtue. Dusja i maursyre kunne eg ønske dei to andre velkomne på ei rommelig hylle.

Oh yeah!
Oh yeah!

Så skulle Anders til pers. Han var sva-mesteren, og skulle prøve seg på ruta sitt crux: ein sva-travers som ein kan kome seg over med ein pendel, men som ein også kan gå fri (5.10a). Sva-klatring er ein kunst i Yosemite – ein kunst eg ikkje er særleg bevandra i. Der Anders balanserte seg elegant over vart eg spytta av to gonger og fekk eit par svingturar i tauet. Etter det følgde nokon fornøyelige og tidvis eksponerte lengder, før vi stoppa på det vi trudde var toppen.

Anders spaserar over sva-cruxet
Anders spaserar over sva-cruxet
Utsikt frå ruta vestover
Utsikt frå ruta vestover

Litt slitne åt vi lunch og var eigentlig riktig nøgde med tidsbruken. Men det var jo merkelig kor vanskelig det skulle vere å finne dette rappell-ankeret? Så måtte vi innsjå at vi var på feil plass, og at det var to lengder igjen. To noko kjedelige lengder etterpå stod vi ved ankeret klokka 4. Rapellruta gikk rett ned svaveggen vest for Royal Arches, og det var ei luftig oppleving. Vi rota oss også litt vekk, og Andreas fikk gleden av å gå 60 meter på klemknutar. Vi var nede på fast grunn klokka 8.

Det byrjar å bli langt ned, gitt.
Det byrjar å bli langt ned, gitt.

Royal Arches kan anbefalast som ein moderat lenger tur. Klatringa er for det meste rimelig grei (5.5/6), og sjeldan særlig eksponert. Men det blir fort ein lang dag, og det er vanlig med mange taulag på ruta (=kødanning). Det er ikkje uvanlig at folk ikkje kjem seg ned før mørket sig på. Og då kan rapellanker vere vanskelige å finne. Vi var effektive omtrent første halvdelen, men så vart vi kanskje slitne? Siste halvdelen av ruta tok i alle fall ganske mykje lenger tid.

Men når bålkosen senkar seg står alle slike ting att forgylde i minnets lys, oh yeah! Takk for turen Andreas og Anders!

Andreas på ein av mange luftige rappellstasjonar
Andreas på ein av mange luftige rappellstasjonar

Med denne moderate klassikaren i boks, kva no Yosemite? El Cap? Leaning Tower? Astroman? Kva kan eigentlig gå feil på ein slik plass! Den som følger får sjå!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.