Uranostravers & Slingsbytinden (28.07.2016)  5


Startpunkt Koldedalen (1.270m)
Endpunkt Koldedalen (1.270m)
Tourcharakter Hochtour
Tourlänge 8h 00min
Entfernung 18,0km
Karte
Besteigungen Slingsbytinden (2.028m) 28.07.2016
Uranostinden (2.157m) 28.07.2016
Uranostinden S1 (2.037m) 28.07.2016
Uranostinden S2 (2.048m) 28.07.2016
Besuche anderer PBE Uranosbreen (1.900m) 28.07.2016

I hui og hast vart det avgjort omtrent kl 22.30 tirsdagskveld at det vart Uranostravers dagen etter. Beste vermelding denne veka og ei god trøyst for kansellert Skagastølstravers..
Starta klokka 9 presis frå Koldedalen saman med Kristin med utruleg fint tempo og driv oppover mot S2. Regn og tåke men lovnad frå Yr-guden om at sola kom klokka 12 var det berre å gi full gass. Sleip steinur skal seiast men oppover gjekk det svært fort.

S2 vart nådd omtrent etter 2,5 timar og vidare til S1. Ein liten matpuase før stortoppen og då kom sjølvaste sola.
Som perler på ei snor
Som perler på ei snor

Heretter var det løpande sikring med eit par faste sikringspunkt oppover.

Fin klatring opp mot sjølve hovedtoppen
Fin klatring opp mot sjølve hovedtoppen

Toppen vart nådd like før kl 13, i underkant av fire timar frå start.

Bra fangst for bra damer.
Bra fangst for bra damer.

På vegen ned møtte vi nokre fjellførarar med gjester frå Fondsbu.
Tida var god så det var berre å hive seg oppom Slingsbytinden - i tåkehav. Vidare nedover Uranosbreen der vi gjekk i taulag på snøen til blåisen, omtrent 1 km frå munningen til 1518 vatnet. Her tok vi på stegjerna. Mykje og store sprekker på austsida mot Langeskavlen.

På blåisen
På blåisen

Ein svært flott tur om enn noko vått fjell og lite sikt til tider. Travers er konge!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.