Ørna, Børahornet og Ramnereiret (07.10.2023)


Karte
Besteigungen Ramnereiret (407m) 07.10.2023

Det vart fjelltur innimellom regn og haglbyger idag. Vi starta turen frå Leitet på Raudeberg på godt merka sti. Vi hadde heldigvis valgt gummistøvlar i dag. Etter alt regnet dei siste dagane gjekk vi til tider i gjørme og det som kunne kallast ein liten bekk. Stien tok oss forbi Ørna der vi skreiv oss i boka og så vidare til "varden" på Børahornet og så til det høgste punktet på Nord-Vågsøy på Ramnereiret. Her hadde vi god utsikt mot Stadhavet og Sildagapet i vest og nord, og Ulvesund i aust. Det var ein fin og lett tur uten bratte stigningar. Vi gjekk same vegen ned att.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.