Stortur til Stiganosi. (26.09.2013)


Karte
Besteigungen Stiganosi (1.761m) 26.09.2013

image:hslite_dsc03086.jpg
Dagane 26.-27. september viste Vestlandsnaturen seg frå si beste side. Bestemte meg noen dagar i forvegen at det måtte bli tur til Stiganosi og med fri frå jobb fredagen var det berre å slå til. Rett i bilen fra jobb på Haukeland bar det innover langs E16 mot Voss, kort kaffe pause der, så møtte eg mine kjære foreldre på Vinje, dei hadde kjørt frå Vik i Sogn for å møta meg og avlevera ein hund i anledning turen. Den avleverte hunden, ein husky ved navn Zikander. Kom til Gudvangatunnelen aust i 19- tida om kvelden. Parkerte der, og vi starta stigninga opp mot den trange Jonadalen på Undredalshalvøya.

Fra inngangen til Jonadalen
Fra inngangen til Jonadalen
Eit spesielt dalføre er dette, var bratt og kronglete til å starte med, dalen var nederst meir som eit gjel, men vida seg ut etterkvart, og blei etterkvart eit fint fjelldalføre med fine linjer og eit fantastisk storkupert landskap omkring. Passerte den nedlagte stølen Jonadalen. Mørkret byrja å snike på no, på tide å sette opp telt og nyte middagen, ein pose Real turmat. Zikander verka og nøgd og knurra fornøgd då han la seg i den fantastiske blåbærlyngen. Fant leirplass ved stien ved ein forhøgning i terrenget mellom to bekkar, ca 880 m høgde.
Spesielt å vera i ein slik dal, under deg er ein norges lengste og trafikkbelasta vegtunnelar, mens den fredelege og "mystiske" Jonadalen verkeleg får fram villmarksfølelsen.
Opp tidleg neste morgon, morgonkaldt, rundt 4- 5 minusgrader og rim på telt og i lyng. Kjapp frokost, og vi starta stigninga inn mot Jonadalsbotn, slak fin stigning, fantastisk landskap og dalføre!! Opp mot Rosshamrane på fin sti, ei flott og frose verd møtte oss på platået. Ikkje ei sky på himmelen, Jotunheimens tanngardar viste veg mot nordaust, Vosse- og fjella innover Hardanger døste i sør og Breheimen og Jostedalsbreen sine kalde fjellrekkjer mot nord og nordvest. Fresvikbreen kvilte si flotte brekåpe mot vest.
Fra Syrdalsbreen retning mot Aurland.
Fra Syrdalsbreen retning mot Aurland.

Over platået mot sjølve Stiganosi var det eit stykke, låg eit tynt lag nysnø\frossen delvis smelta nysnø innover, nådde toppunktet, her var det verkeleg vinter og stod i ein sterk kontrast til haustlandskapet lægre ned.
Måtte eit stykke mot vest for å få eit glimt av Nærøyfjorden, vel 1680 hm under oss. Vidare over varden igjen, så over Syrdalsbreen, fin breflate, så mot punkt 1734 og utsikt mot hengebreen som går ned mot Djupsåbotn mot Undredalen. Mektig landskap dette! Likar slikt!

Returen følgde ryggen mot ovanfor Rosshamrane til vi møtte stien igjen, og vi returnerte til teltplassen i Jonadalen. Nå var det berre å pakke i hop, nyte sola ei stund og tørke føtter. Ned til bilen igjen, og brått høyrer me duren av sivilisasjon igjen frå den dundrande trafikken som møter dagsljoset mellom Flenja- og Gudvangatunnellen.
Nedover Jonadalen mot Langhuso, Flenjaeggi bak.
Nedover Jonadalen mot Langhuso, Flenjaeggi bak.

Eit fantastisk område og for nokre omgjevnader, skulle ønska det kunne gått fleire her, men det verkar ganske uberørt. Reiser så gjerne tilbake!

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Grattis med din første rappor

    Geschrieben von knutsverre 08.12.2013 22:09

    Hans Christian! Jeg tar gjerne turen til Stiganosi sammen med deg en gang det passer!

    • -
      avatar

      Sv: Grattis med din første ra

      Geschrieben von hslite 09.12.2013 19:06

      Takk skal du ha Knut! Hadde vore kjekt det, blir nok ikkje før til sommaren igjen, men det opnar seg mogelegheiter også om vinteren, då med utg punkt Grindaflethytta.;)

      Mvh Hans Christian

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.