hslite

hslite

Hans Christian Tenol- Tuxen Lilleøren
(Mitglied seit: 08.12.2013)
Benutzerkonto Standard

Sidan eg som 12- 13 åring byrja å gå aleine i fjellet har interessen for dette elementet i naturen vår hatt min store og lidenskapelige fokus. Det byrja så smått rundt heimtraktene på Tenold i Vik, turar til Hjorthaugrana eller Kongsvatnet på Seimsfjellet. Sidan har dette utvikla seg og har etterkvart søkt til fjernare områder av Vik kommune og vidare ut av kommunen. Etterkvart blei overnattingsturar i Jotunheimen eller Hardangervidda til dømes.
I det store utland har eg og besøkt ulike fjellområde, både Elbrus i Kaukasus og Alpane har eg vitja, sameleis Pyreneane mellom Spania og Frankrike og dei greske Pindosfjella. Alpane har eg vore i fleire gonger på fottur og på randonee- ski, prøvde meg saman med følge opp på Mont Blanc, men kom ikkje opp på toppryggen grunna sterk vind. Dette er noko eg vil prøva igjen, ved meir stabile verforhold der nede.
Her heime ser eg no meir og meir verdien av den flotte naturen me har, ser at "gamle" fjellområder for meg kan kombinerast med ulike traseval og topptur på ski. Til dømes er mitt store favoritt toppturfjell på ski trauste og gode Rambertinden i heimlege Vik. Grunnen til det er fantastisk nedkjøring, nærare 1200 hm og er du heldig får du heile 1340 hm. Men ein annan grunn er den fantastiske utsikta der oppe, du ser vidt og langt, samstundes som dette fjellet føles som ein del av meg, har jo trass alt vore der svært ofte, første gong i 1983.
Når eg no bur i Bergen by vert det ikkje så mange og lange turar lengre, men helgane blir i hvertfall verdfullt utnytta til slikt og mine kjære områder i indre strok.
I framtida er dette noko eg vil satsa enda hardare på då eg ser at dette er ein så viktig del av min identitet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.