Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Rindal: Duvåsen

Datum:
20.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,0km

I dag skulle Lise gå turen eg gjekk i går, Snøfjellet og Skjerdingen. Vinjar og eg overlatt til oss sjølve. Leita fram argaste plankane i utstyrskaoset og fella dei opp. Her skulle jr få svinga seg. Kjøyrde opp Surnadalen og tok av på Folddalsvegen. 60 kr som kan betalast anten cash eller med kort. Parkerte rett sør for Duvåsen, der ein liten veistubb startar. Valget vart høge fjellsko. Snøen oppover var flekkvis og det gjekk no på eit vis. Gjekk rett mot masta, prøvde finne bare flekkar. Vinjar skratta mest når eg gjekk igjennom til opp i balljane eller når grankvistene sopa over bæremeisen. Retur same vegen, kjøyrde opp til demninga der det vart lunch og klargjering for telemarktur med bæremeis.

Karte    

Surnadal: Gammelsætra

Datum:
18.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,4km
Karte    

Aure: Hisåsen

Datum:
16.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
2,6km

Kom til Grisvågøya, ein fredens plett i utkant-Norge. Kjøyrde til Bugen og parkerte ved nokre postkasser aust for der traktorveien oppover startar. Gjekk gjennom tunet og forbi diverse skrot og skraml. Fulgte veien oppover til vi kom opp på høgda. 2 campingvogner som gav inntrykk av at eigaren hadde gitt opp campinglivet, samt mykje gode landbruksmaskiner som står ute heile året møtte oss her. Vi fann ikkje den raudmerka stien med ein gong, men den starta bak dei 3 Kverneland avlessarvognene som stod der. På høgre sida av den lisje marka. Når vi først fann ruta var det lett til topps. Kasse og bok på toppen.

Karte    

Aure: Bjørnskardliknubben

Datum:
16.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
6,7km

Iløpet av natta hadde det regna enormt og terrenget var så vått som det kan bli. Heldigvis var det opplett når vi kom fram til Dragseidet/Melland. Her er det skilta Knubben. den korte veistubben innover sør for Torelva er nygrusa og her er det fint å parkere. Flatt terreng innover på sti/gammal traktorvei. Etter kvart brattnar det til mot Mellandssetra. Svært god sti og lett å finne fram. Ruta går austover på ein rygg før ein kryssar elva og nordover mot toppunktet. Fin og lett rute som kan anbefalast. Nysnø på toppen, men nedbøren slapp vi heile turen. Retur samme veien, vidare mot Grisvågøya og den enorme Hisåsen.

Karte    

Aure: Rottøyhaugen

Datum:
15.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:30h
Entfernung:
1,9km
Karte    

Aure: Bergsfjellet, Rostolen og Pikfjellet

Datum:
15.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:06h
Entfernung:
11,6km

Vi handla i Aure sentrum før vi starta dagen. Lise fekk bekrefta at nærmaste Vinmonopol er Kyrksæterøra! Kjøyrde til Løfall der vi fann parkeringsplass på venstre side rett før elva. Skilt om Skogbrann der stien startar. Vel, dagens ver gjorde oss ganske sikkre på at det skulle vi sleppe. Vi kosa oss litt i bilen med kaffe og mat før vi tok laust. Ei jæklige snøbyge kom deisande og motivasjonen fekk seg ein knekk. Ei lokal trimdame som kom frå Bergsfjellet kunne fortelje at det var greitt oppover, men noko vått. Ok, vi satsa iallefall på Bergsfjellet. Det er svært god sti oppover, lett å finne fram. Stien delar seg ved Bergsvatnet. Lett til topps over myrar og våte parti. Kasse og bok på toppen. Retur samme vei, men vi tok ein shortcut rett mot Bergssetra. Her er det merka >>>

Karte    

Aure: Høvikfjellet (M&R nr 700)

Datum:
14.04.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:58h
Entfernung:
2,8km

Karte    

Aure: Ormbostadfjellet

Datum:
14.04.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:39h
Entfernung:
2,2km

Hadde grubla litt på denne. Resultatet vart å prøve brattaste og kortaste veien. Parkerte på parkeringsplassen til Imarbu. Terrenget såg spennande ut. Gjekk inn ei avkjøyrsle på andre sida av vegen og fulgte ein sti ca 100 meter. Tok av bratt rett opp, litt klyving langs ein liten bekk før eg var oppe på kanten. Så var det berre å sikte seg inn sånn ca mot toppen. Såg den ikkje, mykje skog. Vinden ruska godt, men det ufyselege veret før på dag hadde tatt ein pause så dette var reine koseturen. 20 minutt frå parkeringa til toppen. Ein stein på høgste punkt, ellers ingen markering, kasse eller bok å sjå. Denne er nok lite besøkt. Retur samme veien. Lise starta rett etter at eg kom ned, kunne gå på ruta på klokka. Vinjar fekk sleppe denne. Vi overnatta på parkeringa. >>>

Karte    

Aure: Bårsetfjellet

Datum:
14.04.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
8,7km

Det er muleg det går merka rute opp frå Bårset, men ingen info å finne om dette. Vi valgte turen frå vest sidan vi likevel var der i området. Parkerte på ein lomme sør for Vinsternesvatnet der bomveien startar. Dvs, ikkje betalingsbom eller stengt vei med bom, men åpen bom. Hadde vi hatt anna bil enn bobilen hadde vi kanskje vurdert å kjøyre inn. Veien innover er god og kjøyrbar svært langt. Fulgte veien til ein dårlegare traktorvei tok av bratt opp til høgre. Tok etterkvart av frå denne og fulgte diverse dyretrakk til vi kom oppom skoggrensa og såg toppen. Rett før toppen kom vi inn på ei raudmerka rute og tydeleg sti...kvar denne kjem frå er uvisst. Vermessing ein utriveleg tur, mykje vind og nedbør. Retur samme veien og vidare til parkering Imarbu og Ormbostadfjellet.

Karte    

Aure: Singsetten

Datum:
13.04.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
3,7km

Karte