Stryn: Argaste toppen i Nordfjord (24.03.2013)  6


Startpunkt Jostedalsbreen Nasjonalparksenter (30m)
Endpunkt Jostedalsbreen Nasjonalparksenter (30m)
Tourcharakter Alpinklettern
Tourlänge 37h 00min
Entfernung 22,0km
Höhenmeter 2.500m
Karte
Besteigungen Skåla (1.841m) 24.03.2013
Stryneskåla sørtoppen (1.851m) 24.03.2013
Stryneskåla nordtoppen (1.848m) 24.03.2013
Havaldetreet (1.759m) 25.03.2013
Tindefjell (1.776m) 25.03.2013
Besuche anderer PBE Skålatårnet (1.835m) 24.03.2013

Sondre er ein kar eg tidlegare berre har hatt kontakt med på nettet. Sjølv om han er dobbelt så ung som meg har vi minst ei interesse felles. Fjelltoppar i Stryn. Denne lista har ein floke som krev litt meir enn ein tur på Skåla. Toppen er Tindefjell, og kalla Stor-Havalden. Ikkje mange har vore på klatretoppen, og iallefall ikkje vinterstid.

Rett før påske tok Sondre kontakt og fortalde om planane sine for dei komande dagane. Meldingane var legendariske. Då Tindefjell kom opp som eit alternativ steig pulsen framfor dataen. Lise og eg var sjølvsagt meget interessert, og stilde på kort varsel. I tillegg dukka eit anna nytt bekjentskap opp. Garm (Gal Krokfot) var og interessert i denne meget potensvekkande toppen.

Arkivfoto. Havaldetreet, skaret, Tindefjell og Yngvar Nilsen´s tind. Vi ser snørenna vi kom ned til breen
Arkivfoto. Havaldetreet, skaret, Tindefjell og Yngvar Nilsen´s tind. Vi ser snørenna vi kom ned til breen
Frå Skåla ser vi hovudmålet for turen stikke så vidt opp.
Frå Skåla ser vi hovudmålet for turen stikke så vidt opp.

Planen var å møtest på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter søndag kl 1100. Gå opp Fosdalen til Skålatårnet og overnatte der. Knappe 5 km labbing på mandag til Havaldetreet, og bestigning av den desidert vanskelegaste toppen i Nordfjord.

Å dra på ein såpass spenstig tur med heilt nytt turfølge treng vel ikkje nødvendigvis være veldig lurt. Det var med spenning vi møttest på Fosnes. Praten kom kjappt i gang, og heile turen var prega av god stemning og mykje felles humor, tankar og meiningar. Vi var veldig spent på føret. Dagen før hadde vi vore i Fjærland og der var det tidenes dårlegaste skiføre. Lettelsen var stor innover Fosdalen og opp til Skålabreen. Fin lett snø på eit hardt underlag. Nedkjøyringa ville med slikt føre bli ein leik. Med tunge sekkar lasta med klatreutstyr tok turen opp tid. Vi stressa ikkje, skulle prate og bli kjende. Kom opp på Stryneskåla 1848 i eit nydeleg kveldslys. Vidare lett ein km til Skålatårnet. Som venta ingen andre der så seint på kveld. Kvelden gjekk til mat, planlegging og tullprat.

Sto opp kl 7 og kom oss avgarde 0830. Gal Krokfot hadde hatt besøk av ei mus om natta. Ei firbeint med lang hale. Rett etter kl 10 sto vi på vesttoppen og såg bort på dagens utfordring. Først 60-70 meter ned i skaret og litt lenger opp på andre sida til hovedtoppen. Sondre som har erfaring med klatring skulle stå for sikringsarbeidet. Vi andre bidrog med det vi kunne, og det viste seg å fungere godt sjølv om timane flaug avgarde. Første gongen vi såg på klokka var den 2! Då stod vi i skaret. Dette kom til å ta tid. Dagslys til 7-8 tida. Etter det måneskinn. Fekk ein liten knekk i skaret, tankane kom om at dette kom vi ikkje til å rekke. I tillegg sleit Sondre litt første meterane med å finne sikringspunkt opp første hammaren. Heldigvis løsna det og han ropte standplass på ei lang taulengde. Då alle var oppe på standplass diskuterte vi returen. I staden for vanskeleg klatring opp til vesttoppen var det eit alternativ med rapell frå skaret og vidare ned på breen for så å gå rundt eit par hundre høgdemeter opp til skia igjen. Der er ei lang bratt snørenne opp mot eit hol i fjellet rett under skaret. Neste taulengde var mykje kortare. Sondre gliste godt då vi ein etter ein kom opp på kanten. Vi var oppe og det var berre nokre meter rusling bortover ryggen til toppvarden. Vi stod på toppen kl 18, 9,5 timar etter vi starta frå Skålatårnet. Gal Krokfot drog opp både det eine og det andre frå lommane sine. Først Bamsemums og Laban. Så dukka det opp ei merkeleg glasflaske med usikkra innhald. Etiketten gav meg assosiasjonar til ei flaske frå fysikkrommet. Men godt var det lell!

Som kjent er ikkje turen over før ein er komen ned. Dei 2 første rapellane gjekk i kjendt terreng. Tauet holdt på å kile seg på den andre lange rapellen med heldigvis fekk Sondre sleng nok på tauet til at det løsna. Så var det den siste rapellen. 3-4 meter ned på ein kant og så ned i det ukjende. Det såg ikkje høgt ut, men så feil kan ein ta. Sondre først, og i det han forsvinn under kanten høyrer vi ”Oi" og noko mumling om "heilt sykt”. Han brukte enormt med tid der nede utan at vi skjønte kvifor. Renna nordover frå skaret mot Tindefjellbreen rett under oss var svinbratt, og han hadde ein kamp i laus snø for å kome seg opp på kanten. Vidare fortsatte han rapellen ned ein hammar til snørenna på sørsida. Snart såg vi han nede på breen, hundre meter under oss. Ein etter ein fekk vi oppleve det same. I det vi kjem forbi kanten har vi 20-25 meter rett under oss i eit enormt hol i fjellet. Ei fantastisk oppleving å henge der i mørket med nydeleg måneskinn på breane. Garm, Lise og eg var veldig fornøgde når vi var samla etter å ha kava oss opp frå renna. Resten av rapellen og turen ned snørenna gjekk greitt. Dei tohundre høgdemeterane opp frå breen til vesttoppen gjekk overraskande fint. Vi fekk varmen i oss igjen, og viste at no var det berre nedkjøyring på ski igjen.

Etter å ha pakka sekkane og rydda opp i utstyr sjekka Sondre klokka før vi starta nedkjøyringa. 2300! Det gjorde ingenting. Det var kaldt, lyst og vindstille. Ned Skålebreen til Fosdalen fekk vi som forventa mykje nydeleg skikjøyring. Frå sætra og ned ski på sekk og labba stien til poengsamlarane. Framme ved Nasjonalparksenteret kl 0030. 16 timar på tur. Kom oss i seng i heimen ca 0300 etter eit glas vin. Dagen etter som var ein nydeleg påskedag gjorde vi ikkje steikje støvet.

Denne turen går inn i historiebøkene her i huset som noko av det største vi har opplevd. Takk til Sondre og Garm for godt turfølgje og trygge rolege vurderingar. Vi ser fram til vidare turar med desse to karane. Kanskje skal vi ein dag få oppleve kokkekunsten til Gal Krokfot.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    En skikkelig höydare

    Geschrieben von 500fjell 02.04.2013 03:28

    Nok en gang takker jeg så mye for at vi fikk til denne turen sammen med denne kjekke gjengen! Turen har sklidd rett inn på topp 5 lista over favoritturer på PB-sida mi, og den kommer nok til å bli der en god stund. Flott turrapport, artig å lese hvordan andre opplever samme tur man selv har deltatt på. Vi får satse på flere nye eventyr fra og med høsten :-)

  • -
    avatar

    Interessant!!

    Geschrieben von mortenh 31.03.2013 18:59

    Denne utflukten er så interessant at jeg koste meg meg to rapporter fra samme tur.

    Bra jobba og vel unt. Slike opplevelser må man slite litt for.

  • -
    avatar

    Rått!

    Geschrieben von Olepetter 28.03.2013 09:15

    Spennende lesning og en utrolig tur, ser det ut til. Gratulerer!

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von Garm 27.03.2013 10:41

    Eg må innrømme, eg er fortsatt høg på rapelleringa ned i det hole. Følelsen når ein forventa rapell ned 15/20 meter forvandla seg til å henge å dingle i friluft høgt over bre og bygd med måneskinnet til å ljose opp alt var/er ubeskriveleg. Den turen toppa seg sjølv gong på gong.

    Angåande kokkekunster: Eg lovar uansett kva dykk bestillar skal eg klare å svi det. :)

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.