Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Espedalen - Turtagrø 1.-31. juli 2014

Datum:
01.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour

I sommar var eg på ein verkeleg fantastisk flott tur kor det å vere ute i fjellet vart kvardagen. Eg og Kristine gjekk frå Espedalen fjellhotell 1. juli. Me budde i telt og gjekk toppturar samstundes som me kryssa Jotunheimen frå aust til vest. Målet var å vere ute, bo i fjellet og verte kjend med fjellområdet. Det var ei einaste stor naturoppleving og me lærte mykje om flora og fauna. Den 31. juli endte turen og eventyret på Turtagrø. Gjestar: den alltid trufaste Marwin, Marte Stine, Jorid, Ingrid, Kristi, kjære mor, tre tanter og fleire bikkjer. Alle desse utgjorde støtteapparatet, som mellom anna kom med etterforsyningar. Herskande vêrtype: sol frå blå himmel.

Karte    

Langsua og meininga med livet

Datum:
20.07.2013
Tourcharakter:
Bergtour

Laurdag 20. juli. Ventande og lengtande sleit eg meg gjennom fem fantastisk langsame timar på jobb i Espedalen. Vêret var sjølvsagt strålande. Planen for resten av helga var enkel; fjelltur. Etter å ha vore ein drug snøggtur nedom Gausdal for å pakke, handle og hente turfølgjet mitt, bar det oppattover same vegen. Halv seks parkerte me på Feplassen på Revsjøen. Godt og vel tjuge gradar, varm vindgufs. Alt var berre fryd, fred og ro og me tok oss god tid. Eg måtte nærast vekkast etter ei av drikkepausene. Litt etter halv ni kunne me opne døra til den tomme Langsubua, bryte alle normar og reglar om forsvarleg fyring i julivarme og koke opp vatn for så å verte servert ei kulinarisk oppleving frå Fjorland. Ein tur ut i kveldssola vart det au tid til før me spelte kort og sovna.

Karte    

Topptrimtur på Skei

Datum:
27.06.2012
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Toppstemning på Trona

Datum:
07.04.2012
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Sprenpiggen

Datum:
04.04.2012
Tourcharakter:
Bergtour
Karte