Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Sundagstur

Datum:
30.06.2013

Stempla topptrimkort på Trona. Med på turen var mor, to tanter og fire bikkjer. Kom meg ned til Svatsum kor Marte Stine venta. Det bar innover til Revsjøen. Herfrå gjekk me opp på Nonstjønnkampen, au eit topptrimmål i år. Rasta godt i le bak ein stein før me rusla nedom Søre Nonstjønnkampen. Fint turvêr i dag; overskya, mildt og nesten ikkje vind. Når ein ikkje har all verda med tid og ressursar, er det fint å ha eit prosjekt som Topptrimmen å pusle med, sjølv om eg har vore på alle fjella før. Saknar likevel å utforske nye område. Hadde ein fin dag i fjellet. Takk for turen!

Karte    

Filosofisk på Kyrakampen

Datum:
18.06.2013
Karte    

Dronninga blant Hordalandsfjella

Datum:
15.06.2013

Turhelg kor eg køyrde tilsaman 900 km. Ikkje heilt slik eg normalt gjer ting, så det må seiast at det ikkje eigentleg gjekk som planlagt. Likevel har eg hatt ei fantastisk helg. Reiste frå heime fredag etter jobb og skulle møte Kristine på Haugastøl, Hardangervidda. Dette er omtrent like langt for oss båe, sidan me kjem frå kvar vår kant av landet. Planen var ei roleg helg med telt, Lordehytta og kanskje Folarskardnuten? Rett før Leira ringte Kristine og fortalde at bilen hennar var øydelagt. Difor køyrde eg like så godt over heile Vidda, ned i Eidfjord, gjennom vakre Hardanger til Odda, gjennom Folgefonntunnellen og vidare til Rosendal. Hit hadde Kristine kome seg ved hjelp av ymse kollektivtrafikk. Seint på kvelden kunne me slå opp teltet på Løvfall camping. Laurdag morgon >>>

Karte    

Topptrim

Datum:
11.06.2013
Karte