Nonstjønnkampen (12.08.2012)


Karte
Besteigungen Nonstjønnkampen (1.309m) 12.08.2012
Prestkampen (1.173m) 12.08.2012

Tur saman med Jorid og Marwin. Følgde Jorid til denne Topptrimtoppen, andre gong eg vitjar desse flotte fjella. Reiste frå heime litt over 10. Gjekk frå Revsjøen kring 11. Over Preskampen innover. Fann ut at eg hadde gløymt telefonen med kamera heime. Synd, i og med at vêret var perfekt i dag. Godt over 20 grader og steikande sol frå blå himmel. Tok ein god rast nær toppen av Nonstjønnkampen. Låg rett ut i sola. Møtte litt folk i dag. Nede ved bilen att halv tre. Fantastisk sundagstur!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.