Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (404)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Rust i mai
- Datum:
- 29.05.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:02h
- Entfernung:
- 5,7km
Så kom sommarveret til Østlandet og Langlim. Tom og eg køyrde til Valedammen og bestemte oss for å gå så fort vi kunne til topps. Vi brukte under 47 minutt, men kom ikkje under min rekord på 46.26 frå 2016. Så det får bli fleire forsøk framover sommaren. Drakk og spiste ein bolle i lyngen på toppen, før vi gjekk roleg nedatt. Stoppa og snakka med hyttenaboar på veg opp to gonger. 2 timar og 3 minutt. 5,67 km, 481 hm. Tom var med. Herleg tur!
Rust på beina
- Datum:
- 29.11.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:07h
- Entfernung:
- 6,0km
Artig tur til Knurrlinatten
- Datum:
- 28.11.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 11,0km
Startpunktet var Nørsteteig.
Tom sette meg av ved Nørsteteig i Svartdal før han køyrde til Seljord for å handle. Nydeleg gard! Så følgde eg vegen forbi den vesle private stavkyrkja og flotte hyttetun, så inn til Skrøyva før eg tok av mot vest. Det gjekk greitt opp til Knurrlinatten. Flott typisk Telemarks-nut med supert utsyn i alle retningar, Brattefjell var delvis inne i ei sky, men Rust låg fritt og fint rett i vest. Eg gjekk så vidare vest og sud mot Vetrhus der eg inspiserte kusine Sigruns siste byggeprosjekt. Deretter vegen ned til Fossheim der Tom stod og venta ved bommen. Fine frosne myrer, men eigenleg ikkje snø anna enn flekkvis. 10,98 km, 1 t og 47 min, 430 hm. Gjekk aleine.
Tredje tur: Kvanngrønuten
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:08h
- Entfernung:
- 2,1km
Etter to turar stod eg på vippen til å gje meg, men ville køyre oppom Fyrileiv for å sjekke ut toppen. Den såg absolutt overkommeleg ut, så eg skar rett oppover. Valde å klyve rett opp på framsida. Det blei ganske mykje klyving, men det gjekk greitt. Kjempeflott toppunkt med suverent utsyn til mange kjende fjell. Varde var det også der. Prøvde å lokalisere ein stig nedover, og innimellom var det snev av spor i alle fall. Hadde sjølvsagt vore betre å gå den vegen ag gjekk ned opp også...2,1 km, 1 time og 4 minutt, 274 hm. Gjekk aleine.
Mjeltenatten
- Datum:
- 04.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:54h
- Entfernung:
- 3,2km
Kort tur frå Bosset i Ål til Mjeltenatten. Oddrun og Tom var med. 3,2 km, 80 hm, 55 min.
Perfekt vær til Ruten
- Datum:
- 27.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:43h
- Entfernung:
- 12,6km
Hadde overnatta i Kristiansund etter Innerbergsalen i går, og var litt møre då vi stod opp. Men vêret var perfekt, ikkje ei sky og mildare og mindre vind enn på laurdag. Vi skulle levere leigebil, og fly frå Værnes, så valet fell på Ruten som låg greitt langs ruta vår. Parkerte på overfylt parkeringsplass på Borstad. Første strekk gjekk i skogsterreng oppover eit par hundre hm. Ille søylut, men lia heitte då også Søylia! Mykje folk heile turen. Veldig pussig korleis nokre fjell trekkjer til seg hordar, medan andre ligg nesten uforstyrra. Klart at Ruten var ein flott topp med mektig rundskode, men ikkje finare enn Innerbergsalen vel, og der møtte vi ein person. På denne turen møtte vi minst 50, inkludert Ove Aunli forresten! Etter å ha kome oss velberga opp søyleskogen, >>>
Super topp - heldige med været
- Datum:
- 26.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:45h
- Entfernung:
- 6,5km
Etter Smøla-toppen stoppa vi på Edøy der eg måtte sjå tomta for vikingskipsfunnet som «mine» gutar fann vha georadar i fjor. Kyrkja låg heilt fantastisk til, vêret var perfekt og kulturlandskapet var velstelt og nydeleg. Kontrast til Kuli som har vore tilsvarande høvdingsete ein gong. Noja, vi tok ferga og køyrde til Stabblandet, der vi tok av mot Soleim. Køyrde heilt inn til liten parkeringsplass rett før merkt stig mot Innerbergsalen. Turen var tredelt, først bratt opp stig i skog. Stigen fall tidvis saman med ein bekk. Så utsiktspunkt på 375 moh, derifrå stig i myrbakkar nokre hundre hm. Dinest ur og noko lyng til topps. Vi møtte ein kar frå Orkanger akkurat i skiftet mellom myr og ur. Hans andre besøk, men første i sol. Då vi kom opp var det sol, men det dreiv dessverre >>>
Storsylen i nysnø
- Datum:
- 12.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:43h
- Entfernung:
- 23,3km
Hadde freda denne helga til tur saman med Anne, turmålet blei vald ut i frå værmeldinga. Det beste vi fann i Sør-Noreg var Sylane! Køyrde til Nedalshytta fredag ettermiddag, framme kl 2130 i stiv kuling og regn. Men heldigvis stemte vermeldinga, og vi vakna til oppholdsvær med sol. Det var meldt nedbør frå kl 1200, regn, og snø i høgda, så vi starta så raskt vi greidde etter frukosten kl 0800. Kl 0830 var vi gang. Om anmarsjen er det ikkje stort å seie, lettgått, flotte plankeklopper og fleire flokkar med reinsdyr. Inne ved Syltjønna var vi ganske paffe over at raudmerkt stig gjekk rett opp fjellsida, men sånn var det, og vi gjekk i tillit til at folk hadde gått der før! Etter eit par hundre hm, kom vi inn i nysnø, og frå det punktet gjekk det seint. Vi hadde heldigvis stavar, >>>
Rust med blåbærplukking
- Datum:
- 05.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:09h
- Entfernung:
- 10,1km
Gjekk frå hytta til topps. Rasta i le av varden. Overskya, litt solgløtt, men også lette regnbyger. Litt vind på toppen. Brukte lang tid ned for eg fann kjempeflotte blåbær. Reinplukka 2 liter.
10,1 km. 5 t 10 brutto, 2 t 20 netto. 591 hm. Gjekk aleine.