Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Draumetur på Otrøya
- Datum:
- 25.06.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
Tok ferga over til Otrøya frå Molde, køyrde først til Midsund for å handle nistemat, deretter tilbake til sør-Heggdal der vi tok av ved skiltet der det stod Oppstadhornet. Godt merkt stig, nydeleg landskap og meir og meir sol. Stoppa litt oppe ved setervollen der det framleis står ei bu. Fabelaktig utsyn. Eg var imponert over den gamle fine furuskogen, ein urskog rett og slett med gamle kronglefuruer, rotvelter og kvite ståande daude furustomnar. Vi følgde raude og kvite plastband og eit "stikk ut"-skilt opp til den tørre og fine ryggen mellom dei to vatna. Opp gjekk vi heilt opp på riset før vi svingte til høgre og rett opp den bratte lia. Ned følgde vi fjellkanten og fann grei stig litt lengre vest. Toppen var heilt fantastisk! Grønn grasbakke med blomar og strå >>>
Harøyburet i sol og vind
- Datum:
- 24.06.2014
- Tourcharakter:
- Fahrradtour gemischt
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 24,0km
Flott solskinsdag med litt vind blei brukt på øyane utafor Molde. Tok ferga over til Aukra, sette frå oss bilane ved Småge og drog med syklar vidare utover. Hamna først på Ona der vi var turistar ein time, så vidare til Finnøy der vi gjekk av og hadde 3,5 time til båten gjekk att. Den tida brukte vi på å sykle sørover over Finnøy og dinest heile Harøya ned til Myklebust. Åt utafor butikken før vi sykla tilbake og tok av opp til fotballbana i Urvedalen, der vi gjekk raskt opp til toppen. Sol, vind, flott rundskue, myrull og sommarblomar. Så sykla vi nordover att. Inspiserte den gamle riksgrensa mot Sverige (!), så kolliderte Anne og eg, og eg hamna i grøfta, men heldigvis gjekk det heilt fint, skeivt styre og skeivt bakhjul var resultatet. Fin pause på Finnøy havstuer før >>>
Andre tur i Møre og Romsdal
- Datum:
- 23.06.2014
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:17h
- Entfernung:
- 9,0km
Andre dag i Molde, og då blei det kommunetoppen. Ikkje veldig varmt og skiftande skydekke, men opplett. Køyrde mot Kleiva og tok av ved Kortgarden opp til Nakken, og så bomveg (20 kr) til der stigen til Skåla starta. Skodda hang nede ved Trollvatnet då vi starta på turen, men den steig oppover ettersom vi gjekk. Vatnet ligg på 502 meter, og det låg blikkstille då vi kom opp, med grønt gjennomsiktig vatn. Vi tok stigen til høgre og det er ein dryg tur, tidvis så bratt at ein må bruke hendene, ganske luftig der ein kjem nær kanten, og i vårt tilfelle gjekk vi inn i skodde og snø på ca 1050 meter. Skodda låg tett på toppen og nysnø frå i går dekte topplatået. Eg er ergerleg for at eg heng bak, dårlegare kondisjon og dårleg fot, kondisjonen heng litt saman med foten, eg >>>
Første topp denne ferien
- Datum:
- 22.06.2014
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 5,7km
Starta frå Nordseter, køyrde Lesja og Romsdalen. Tok avstikkar opp og ned Trollstigen. Spektakulært, men ausregn dessverre. Får kome attende. Så til Molde der vi sjekka inn på hotell, skifta til turklær og tre av oss køyrde til Eiskrem. Fann stigen lett, den var godt merkt heile vegen. Eg fekk 10 minutts forsprang, bra, for o-venene er spreke! Vi gjekk inn i regn og skodde, lite sikt og surt regn på toppen. Eg brukte 1 time og 50 minutt opp og ned, dei andre noko mindre. 5,7 km. Anne og Eirik var med.
Siste skituren i år
- Datum:
- 01.06.2014
- Tourlänge:
- 6:00h
Starta ved Flatland på Totakstrondi. Bar støvler og ski i ein time før eg spente på. Innover Skarsnutdalen gjekk eg på store snøflater med noko barmark innimellom. Frå riset ned mot Kvikkevatnet var det samanhengjande snøføre på ein stad nær. Gjekk opp til Kvikkeflottine. Lurte fælt på vegvalet, alt så bratt ut. Men tok sjansen og følgde nokre bratte snørenner opp litt sør i det bratte austhenget. Ikkje optimalt. Blei engstelig for snørennene blei ordentlig bratte. Kom meg inn på tørt berg, men å klatre med ski og stavar var også vrient, og eg heldt på å gå meg fast ein gong. Veldig letta då eg fekk lempa ski og stavar opp på ei hylle og greide å klavre etter, og derifrå var det farbart vidare. Toppen var herleg. Totalt rundskue. Tre stykke hadde skrive seg inn >>>
Svipptur i kveldssol
- Datum:
- 25.05.2014
På veg frå Stathelle til Oslo, greidde eg denne vesle turen sundag kveld. Kveldssol, fuglesong og bøkeskog er også ei flott naturoppleving! Hadde for dårleg kart og køyrde ein heil del feil, noko som gjorde at eg også fekk med meg eit besøk på Midtåsen, Anders Jahres praktfulle eigedom, park og bøkeskog - med utsyn over heile Sandefjord og -fjorden. Hjertås hadde ikkje like fint utsyn, men var altså høgare. Gjekk aleine på vond fot.
Dagen derpå - var heilt super og blei brukt i Finnemarka
- Datum:
- 18.05.2014
- Tourcharakter:
- Fahrradtour gemischt
- Entfernung:
- 25,0km
Flott helg, og etter nydeleg 17. mai i Oslo, valde vi sykkeltur i Finnemarka og kommunetoppen i Lier. Vi måtte ha med Marit som er barnefødd i Lier, men som mangla toppen. Køyrde til Kanada, og brukte syklane derifrå. Mange oppoverbakkar, men fine sand- og grusvegar. I skuggeparti låg snøen i flekkar, og då var det best å gå av syklane. Vi åt niste ved elva rett etter Vesle Nykkjua og før vi gjekk frå syklane eit lite stykke forbi dammen i Store Nykkjua. Følgde så den breie stigen oppover til den forsvann i terrenget, fann eit tråkk i den grankledde dalen opp til kollen i aust, der vi heldt oss nord for myrtjørna. Toppunktet var heilt nydeleg, med flott utsyn i alle retningar. I nordaust såg vi Norefjell i kvitt, og på bergqa der vi sat i kveldssol var det fine stutttvaksne >>>
Gastgiveren på sykkel og til fots
- Datum:
- 11.05.2014
- Tourcharakter:
- Fahrradtour gemischt
På veg til Halden tok vi av til Trøsken skistadion. Flott anlegg med kustsnømaskiner, skistadion og løysløype. Eg sykla pga dum akilles, og Tom og hunden gjekk p¨å den fine grusvegen opp til der stigen tok av til Gastiveren. Triggpunkt, radar?-anlegg og ganske fin utsikt ut mellom furuleggene, og så bar det ned att. PÅ nedturen kom regnet, Tom såg ein hare, og eg hadde lett nedtur på sykkelen. Tom og Uncas var med. Vidare til middag i Halden.