Tur til Runde fyr og Rundabranden (10.06.2017)


Planen var ein tur i nærområdet, men tåke i fjellet skapte problem. Værvarsel med regn var heller ikkje noko godt tegn. Her var gode råd dyre, og søkte febrilsk på nettet etter alternativ. Web-kamera og værvarsel vart studert nøye. I ytre såg det ut til å være bedre vær enn her inne i fjordane, og værvarselet var også bedre. Pakka i bilen og satte kursen mot øyane, uten noko fast mål. Etterkvart såg det ut til at nordvest hadde det finaste været, og kursen vart satt mot Runde. Var der også i fjor, men alternativet var å ikkje komme seg på tur denne laurdagen.

Kom fram til parkeringa, og begynte turen. Heilt vindstille og sola varma ganske bra, so det var mykje folk som hadde valgt denne turen i dag. Men heldigvis ikkje 17. mai tog, so eg fekk gå svært so uforstyrra.

Vel ute og nede på Runde fyr var planen ein tur innom DNT si sjølvbetjente hytte, men der var ein god del barnefamiliar, so eg gjekk ned på berga heilt ytterst på neset for å lage meg ei god gryte med Real-turmat. Sola varma på berget, og det var berre og nyte dagen.

Runde fyr
Runde fyr

Rusla så opp til fyret og satt i solveggen 1 times tid, før turen gjekk opp bakkane igjen. Droppa å gå om Lundefugl-berget da der var mykje folk når eg gjekk ned. Gjekk turen opp om Rundabranden, før turen tilbake til bilen starta.

Utsikt vestover frå Rundabranden
Utsikt vestover frå Rundabranden

Har også ein liten turblogg som eg oppdaterer med ujamne mellomrom. Her legger eg ut nokre av turane eg har gått, med stiforklaring og rikeleg med bilder. For interesserte so er det berre å ta ein titt innom: Turblogg

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.