Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Tverrbytthornet

Datum:
09.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:45h
Entfernung:
46,0km

Vi overnatta i telt ved Leirvantnet, og traske innover Kyrkjeglupen i fint vêr. Ved Troget tok vi av stien og sikta oss oppover mot toppen. Det var spredt varding, men vi endte opp med å finne vår eigen veg oppover steinurda. Mykje laust, men greitt å gå. Vi kom opp på eggen litt vest for Tverrbytthornet, og satte att sekkane der. Lettgått til topps, men no hadde utsikta forsvunnet i tåka. Så gjekk vi attende og vidare vestover eggen mot Vestre. Det vart etter kvart smalt og litt utfordrande. Det var fleire punkt med litt kliving og litt balansering før vi nådde Vestre. Denne toppen var som ei stor flat blokk, og Andrea nytte høvet til litt turning. Retur same veg!

Karte    

Nubberunda

Datum:
03.10.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:52h
Entfernung:
14,0km

Etter ein lang tur og hyggeleg kveld på Glitterheim laurdag, var planen å besøke Aust-/Stornubben på tur utover Veodalen. Vi parkerte bilane ved Storkroken. Vi traska oppover i lettgått terreng. Etter kvart gjekk vegetasjonen over til steinrøys og vi kom opp til Austnubben utan stor dramatikk. Inge traska ned att, medan Knut Tønnes, Peder og Andrea fortsatte fyrst til "Aust for Austnubben", og deretter til Stornubben. Sant og si er vel denne turen finast på snørikt vinterføre, men alt i alt ein veldig fin dag til fjells!

Karte    

Glittertindrunda

Datum:
02.10.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:35h
Entfernung:
21,4km

Gode kollegaer/eks-kollegaer på helgetur til Glitterheim denne helga: Peder, Inge, Karl, Knut. Med på lasset var også Andrea. Laurdag var målet fyrst og fremst Ryggjehøe. Vêret viste seg frå si beste side, og det gjekk greitt oppover mot toppen. Vi fortsatte over vidare ned på vestsida. Karl og Inge bestemte seg for å returnere til Glitterheim via Skautflya, medan Peder, Knut og Andrea sikta seg inn på Glitter-Rundhø. Vi ville også innom Vestre Glittertindoksle, som ingen av oss hadde besøkt tidlegare. Flott utsikt til nordveggen på Tind frå her. Returen gjekk via Glittertind, som for anledningen hadde fått rikeleg påfyll nysnø. Vi fekk flott kveldsol på toppen, og turen nedover gjekk i full fart på rumperacer. Avslutta dagen med triveleg kveld på Glitterheim.

Karte    

Snøhetta

Datum:
13.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:34h
Entfernung:
14,7km

Årets familiefjelltur til Snøhetta. Vi overnatte i telt en halv kilometer frå Snøheim. Dei minste var bekymra for moskusbesøk i teltet. Etter ei nokså kald natt, varma sola opp teltet før frukost. Turen til toppen gjekk fint for store og små. Litt dramatikk vart det på tur ned når vi kjem til den gamle hytta der stigninga startar. Her har ei dame ramla i steinrøyse og fått hodeskade. Vi hjelper til å få bandasjert skada, og etter å ha vore i kontakt med AMK, blir det bestemt at ho skal hentast med helikopter. Nokre dagar etter at vi har kome heim att, får vi blomster på døra som takk for hjelpa. Det var ei triveleg helsing.

Karte    

Vestre Skardstind

Datum:
01.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:45h
Entfernung:
13,9km

Målet for dagen var Skardstind. Det var brukbar vêrmelding denne dagen i ei elles dårleg vêrperiode. Men vêrmeldinga slo ikkje heilt til, og vi fekk både snø, vind og kuldegrader. Ambisjonane vart reduserte, og plan B vart ei runde på Dumhøe og Vestre Skardstind. Så får vi kome att ved eit seinare høve og fullføre resten av turen. Takk til Hans Morten for triveleg følgje!

Karte    

Tverrbottindane

Datum:
29.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
10,8km

Flott og lett rundtur !

Karte    

Piggen og Vesl-Piggen

Datum:
14.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:22h
Entfernung:
12,7km

Familitur til Piggen med Sigri! Andrea var ein snartur bortom Keilhaus, og på tur ned vart det også ein fin avstikkar bort til Veslepiggen.

Karte    

Austre Hestbrepiggane

Datum:
09.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:30h
Entfernung:
18,4km

Haustferietur frå Netosætra til Austre Hestbrepiggen. Vi starta i grålysninga og fekk med oss soloppgangen på tur oppover frå Neto.

Karte    

Vestre Tverrbotntind

Datum:
04.09.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:10h
Entfernung:
12,5km

Etter at dårleg vêr sette ein stoppar for Visbreatind laurdag, såg det langt betre ut søndag. Dagens turmål vart Vestre Tverrbotntind, og vi pakka med oss litt klatreutstyr for å vere førebudd på bratte utfordringar. Mykje steinrøys opp Leirløyfte, men alle nådde toppen vest for V1. Vidare traverserte vi på sørsida av ryggen til vi stod under lågaste punktet på ryggen mellom dei to toppane. Frå her sikra vi 1/3 taulengde heilt opp på ryggen. Mange ville nok gått usikra på tørt føre, men for oss var det fornuftig med tau. Frå der var det luftig, men greit til topps. Alt i alt ein spennande tur med litt luftige innslag.

Karte    

Stetind med kidsa

Datum:
20.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
7,5km

Telttur med Ivar og Andrea. Slo opp teltet øvst i Gravdalen der stigen tek av innover mot Sandelvbreen. Målet var Stetind. Vi fekk noko regnvêr over oss på tur mot toppen, og måtte krype inn i vindsekken ein halvtimes tid før vi fortsatte mot toppen. Litt utsikt fekk vi innimellom bygene. Turen nedover gjekk lett over snøfonnene, og vi fekk litt kveldssol når vi kom ned til teltet.

Karte