Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kveldstur på Loftet

Datum:
11.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
10,4km

Flott kveldstur med andreasperstad (Andrea Sperstad) . Startet fra bilen rundt kl 15.30, og brukte rundt 3 timer opp.

Karte    

Austre Nautgardstind

Datum:
14.02.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:15h
Entfernung:
19,5km

Vi hadde lyst til å lufte randone-skia, men hadde ikkje akkurat tenkt oss på topptur. Minus 26 grader ved bilen og litt vind i høgda var ikkje heilt ideelt for langtur. Men det var ein flott dag og vi enda etter kvart opp på Austre Nautgardstind, som er ein flott skitopp.

Karte    

Midtre/Store Tverrbottind

Datum:
23.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
7,7km

Fin tur med Knut Tønnes over Midtre og Store Tverrbottind med retur ned Leirløyfte. Fint vêr oppover ryggen til Midtre, men så kom skysystema over oss, og det vart minimalt med utsikt vidare bortover ryggen. Foto: Knut Tønnes

Karte    

Fuktig tur på Kyrkja

Datum:
22.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:45h
Entfernung:
8,8km

Regnfull dag på Leirvassbu, men likevel ein fin tur på Kyrkja med Inge og Knut Tønnes.

Karte    

Kremtur til Stetind

Datum:
15.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:30h
Entfernung:
11,2km

Ein av sommarens finaste dagar var eg og Petter på Stetind. Vel nede etter ein flott tur overnatta vi ved Leirvatnet i wigloen. Perfekt tur med perfekt turfylje.

Karte    

Ryggjehøe familietur

Datum:
14.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:19h
Entfernung:
8,2km

Flott familietur tur/retur Glitterheim-Ryggjehøe med Monica, Ivar og Petter . Såg ingen folk heile turen, men møtte 3 tamrein på få meters avstand.

Karte    

Store Memurutindtraversen

Datum:
07.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
15:00h
Entfernung:
23,2km

Flott tur med Hans Morten. Dette er ein artig og luftig ryggtravers! Ein del småutfordringar undervegs, men det meste løyste seg greit med nokre omgåingar i sørsida. Detaljert skildring av ryggen her . Vi hadde med sikringsutstyr, og brukte det på eit par utsette stader. Vel nede i Memuruskaret sette vi att sekkane, og gjekk opp på Austre Memurutind . Her var tauet i bruk opp den bratte hammaren. Tett skodde hadde no kome sigande frå sør, og det var null utsikt. Retur same veg og vidare over Veobrean attende til Veoskaret. Vi var til slutt oppom Sør for Leirhø , som vi tidlegare har gått forbi fleire gonger utan å vere klar over at det er ein "topp".

Karte    

Storgrovhøe og Storgrovtind

Datum:
31.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:19h
Entfernung:
13,7km

Flott tur i nydeleg vêr med Andrea og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe . Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode ville >>>

Karte    

Styggehøtraversen

Datum:
25.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
16,7km

Flott rundtur med Iver på Styggehøe i nydeleg sommarvêr. Vi kryssa Visa over ned nye brua ved Leirgrove og gjekk opp til den vesle breen på nordaustryggen. Vidare oppover breen, og så lett kliving det siste stykket til Ø2. Vi fulgte så ryggen vestover heilt til V2. Morsom, smal rygg nedover frå hovudtoppen og vestover med diverse småproblem, som er lett å omgå i sørsida. Spesielt fin er V0, som vissnok blir kalla "Ørnehodet" . Retur via kanten på Bukkeholsbrean og ned til Bukkeholet.

Karte    

Rasletinder

Datum:
01.06.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:24h
Entfernung:
16,3km

Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps. Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010). Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden. På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste! Retur >>>

Karte