Tungremtindane juli 2012 (26.07.2012)  3


Startpunkt Erstad (40m)
Endpunkt Erstad (40m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 7h 00min
Entfernung 21,2km
Höhenmeter 1.250m
Karte
Besteigungen Tungremtindane (1.293m) 26.07.2012

Det var meldt bra ver, men utrygt for lokal morgentåke. Det tok eg som eit teikn på at det ville lette utover dagen. Samtidig trengte eg å kome meg ut av huset, så det var duka for eit forsøk på å nå Seljeneshornet via Tungremtindane.
Eg sette att hundane heime ettersom Seljeneshornet er av det luftige slaget, og eg er slett ikkje sikker på at dei ville klart å kome seg til topps på Tungremtindane heller. Første hinder kom raskt i form av hester på beite på marka over oss. En liten runde i skogen var nok til å unngå straumgjerdet. Neste hinder var en kuflokk på veien oppe ved Framsetra. Etter å ha blitt godkjent av sjefskua fekk eg sleppe forbi. Men tåka hang fortsatt tung oppe i svingen før Storevasshytta.
Det viste seg å vere lokal tåke under Storevatnet, og sidan eg av og til kunne skimte toppen av Tungremtindane under den obligatoriske kaffistoppen ved hytta, bestemte eg at det blei gjort et forsøk i den retninga. Alternativet var Stokkfonntinden som tydelig var under tåka. Det var fortsatt mykje snø, og elvane hadde stor vassføring. Brua som vart bygd over Andrevassgrova i fjor haust hadde ikkje tålt snøen i vinter så den låg under minst en meter vatn...men det var ikkje noke stort hokus-pokus å krysse elva. Det var mykje snø i fjellsida enda, snøsmeltinga ligg omtrent 1 og en halv måned etter skjema.
På toppen låg tåka og ville ikkje vike. Dermed vart det med denne eine toppen i dag. Ikkje noko poeng å gå ned i Nesdalen og klyve bratt og utsatt viss eg ikkje veit korleis tåka er der. Pga snøen gjekk det fort å gli ned til høgda over Andrevatnet og siste matrast med oversikt over Storevatnet og snøflaka som flaut rundt der nede. Nådde ikkje dagens første mål, men fornøgd lell...

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.