Archiv - Nach Datum
Daurmål
- Datum:
- 10.05.2025
Nydeleg tur frå Årdalstøylen til Daurmål.
Vi såg an om det var trygt å gå heilt til topps mtp snø og skavlar. Snøen var akkurat passe laus/hard. Og vi heldt oss på motsett side av skavlane. Vi tok ei bue rundt myrområdet sør for støylen, men det var litt mykje kratt/småskog å gå i der. På veg tilbake gjekk vi tvers over myrområdet. Såg ovanfrå at det var spor etter at eller liknande inn til ei lita demning midt i myrområdet. Gjekk i hjulspora siste stykket tilbake. Elles sa ruta seg mykje sjølv. Fantastisk tur og utsikt!
Nibba - forsøk
- Datum:
- 04.05.2025
- Entfernung:
- 2,4km
Ville studere bratte mot Nibba på nært hald. Fann ut at det ikkje er ein plass eg vil gå åleine, så eg snudde denne gongen.
Dukasteinen, Isane
- Datum:
- 27.04.2025
Tur opp til Dukasteinen 580 m., Steinen ligg ved starten på Duken (rygg) mot Kvasshornet. Ingen element å registrere, men flott tur �
Erviknobba
- Datum:
- 09.02.2025
- Entfernung:
- 1,3km
Køyrde nesten opp til parkeringsplassen på bomvegen. Det var nokre parti på grusvegen som var i brattaste laget for ein Nissan Leaf;) Er nok best å ha firehjulstrekk på denne vegen.
Men flott tur med mykje utsikt! Sporinga dett vekk når skjermlås er på, og viser rett linje på kartet.
Vedviknibba
- Datum:
- 10.11.2024
- Entfernung:
- 2,2km
Bratt og fin tur. Nydeleg skog å gå i. Mykje lauv på bakken gjorde det litt småglatt nedover, men det var berre å vere obs på det. Peakbook-appen datt ut fleire gongar. Ser at sporinga har teke nokre snarvegar...
