Botnafjellet (09.09.2023)


Startpunkt Ytre Kandalstøylen (1.579m)
Tourlänge 0h 6min
GPS
Besteigungen Botnafjellet (1.572m) 09.09.2023 12:59

Gjekk utan sporing for å spare batteri. Starta frå Ytre Kandalstøylen kl. 10.14. Var oppe ved kl. 12.52 (registrerte toppunktet litt seinare på Peakbook). Brukte 2 t og 38 min. Sterk motvind siste kneika oppover platået :-D
Tok ein rundtur oppe på fjellet og fekk sett ned i Sørsendalen frå fleire kantar. Kikra etter ikkje-heimkomne sauer for ein bonde, men utan funn dessverre. Heilt fantastisk tur! Synest ikkje den var fullt så krevjande som https://ut.no/turforslag/1112154285/botnafjellet-1572-moh-i-kandal-ei-alpin-perle-i-gloppen-kommune seier.
Det var merka opp til kanten før Øykjeheivatnet. Der gjekk merkinga vidare mot vatnet. Fann igjen raude merker rett før skaret der rås kjem opp frå Indre Kandal. På nedover var det lettare å sjå raude merker og rås vest for Øykjeheivatnet, i retning nord.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.